Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2025 – første episode onsdag

Guro Redalen Tysdag 15. april 2025

Du trudde kanskje ikke det vart påskekrim i år? Nåh-nei, frå og med i morgon (onsdag)  kjem det tradisjonen tru eit nytt svært lokal og kortreist mysterie med tittelen «Ugler i Sunndalsgrauten – anna krydder i klisterføret». 

Vi kan ikkje garantere at du får svar på alle spørsmåla i mysteriet (eller i livet) i løpet av påskeveka, men håpar likevel det kan vere til underhaldning. Så i morgon er det berre å  helle oppi meir kaffi i koppen, smøre hjarnecellene med rett farge Swix og snurre på Poirot-barten. 

Først publisert: 15. april 2025, 06:41 - Sist oppdatert: 14. april 2025, 18:53