Nok ei påske er på hell, og nok ein påskekrim er kome til løysinga. Om du sit igjen med like mange spørsmål som svar etter denne delen så er det heilt normalt. Noko må jo være slik som det aillvæg ha vårre. Eller?
Nøkkelfinnar Grønmyr fekk æra av å stikke nøkkelen i nøkkelholet. Den passa! Han opna luka forsiktig, stakk handa inn og henta ut ein bunke med papir. «Veit de kva dette er?» spurte Historielagsleiar Moe. Han held fram utan å vente på svar «Det er dei ekstra sidene av Heimar og ætter i Stangvik, og kjent som Stangvikboka, som ikkje fekk plass. Dei vart rett og slett sensurert av Surnadal kommune då Hans Hyldbakk leverte manuset for Todalen» Hans Hyldbakk, HH. «Ja! Eg har lagt merke til at side 45 og 46 har mangla. Det har irritert meg storveies i alle år, men eg har tenkt at det er typisk slurv frå Skei.» svarte Nordvik. «Men kva står det på dei sidene då?» spurte Bladfyk. «Vårsøg vart skrive til Todalen» svarte Nøkkelfinnar Grønmyr medan han las høgt frå papiret funne i altertavla «Her står det under overskrifta Vårsøgbygda at Hyldbakk på tur i Todalen hadde funne inspirasjon til songen på ein tur oppe i Øyalia og som ein hyllest til freden i 1945 var dette verkeleg staden som han kjente seg fri.»
Bladfyk såg på mistenksam Historielagsleiar Moe «men korleis fann du ut dette?» «Jo, det viste seg at Hyldbakk brevveksla med Leif Halse, og i ei av dagbøkene har Halse notert dette der han viser til den blå mappa.» Så Surnadal kommune hadde rett og slett snytt Todalen for ein internasjonal suksess med å bytte ut Øyalia med Svealia? Nei no. Og Ordføraren hadde fått snusen i at historielaget var på ferten av denne skandalen då Årsskriftstyraren, som nettopp dreiv på med ein sak om Halse og Hyldbakk, hadde ringt han tidlegare i påska og spurt om det fantes noko meir informasjon om dette. Det er vel ikkje så vanskeleg å skjøne at dette var det siste han trong no i ei tid der det meste var på bakglatte ski for kommunen.
Årsskriftstyraren hadde fortalt Ordføraren om kartet og mappa, slik skjønte han med ein gong kva han hadde sett på bakrommet på Hals. Han hadde fylgt etter dei to som tok turen frå butikkbakrommet til kyrkja, og slo strategisk til med det sterke våpenet nypussa ordførarkjede i vårsol då han skjønte at løysinga nærma seg. Korleis mappa hadde hamna på butikken var eit mysteriet, som nok ikkje hamna i årsheftet for historielaget. Men truleg var det ei litt ivrig opprydding etter årets restsal av Vangsgutane på årsmøte som kunne forklare det heile.
I Skulstuå var det god stemning, stoppesoppane hadde blitt funne saman med den blå mappa. For Ordføraren kunne ikkje finne seg i at Bøt og Bedring fann stad i Todalen, og ikkje var ein aktivitet med si vogge på Skei. Igjen kunne Tovass-valsen smyge seg ut det opne vindauget for dei som gjekk forbi. Haugtussa Skulstuå kunne ha plystra på Vårsøg, på same måte som Todalen meieri, Todalen mjølk og Todalen idrettslag kunne ha skifta namn til Vårsøg meieri osb. Men det skjer neppe. Nåhnei, det skulle ha tikkje se ut.
Og med det var det berre utendørsgudstjenesta igjen på påskeprogrammet. Så når tonane av utandørskeyboard og vakker salmesong stilnar i dag, er påska 2025 over.
Takk for følge!