Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2025: del 5

Guro Redalen Sundag 20. april 2025

Påskekrimmen sine vegar er uransaklege. Det nærmar seg løysing og oppstandelse, men først må vi gå litt rundt grauten. For kven fann eigentleg på det å putte graut på bakels? Og kva er det med kanelmønster som puttar Sunndal i den? Smær, betre enn rømme? Og kva skjedde med risgrynsgrauten på laurdagen? Så mange spørsmål, så lite grautgravetid.

 Det var på den tida årsmøtestaffeten var godt i gang, og kvar kveld var fylte av kaffe, rekneskap og beretningar om siste års hendingar. For dei som var aktiv i både det eine og andre styret, og hadde mange hattar på rundt eit bord, var det godt med påskeferie òg frå den aktiviteten. Historielagsleiar Moe var ein av dei som eigentleg skulle ta seg ei kvilepuls-påske, men det med den forsvunne mappa plaga han. Om den kunne forsvinne, kva anna kunne finne vegen ut av Det Heilage Halserommet? Nei, han måtte ta turen til Ungdomshuset igjen for å sjekke om alt var ok. Den tanken var det fleire som hadde tydelegvis, for utanfor Huset sto bilen til Årsskriftstyraren parkert. Det var vel litt tideleg å starte opp arbeidet med neste årshefte tenkte Moe og gjekk inn.

I kyrkja hadde Bladfyk og Butikkoverbetjent Byteng fått selskap av Nøkkelfinnar Grønmyr og Handelsmann emeritus Nordvik. Dei veksla mellom å studere kartet over bygda og vart einige om at joda, det var heilt klart eit nøkkelsymbol som likna nøkkelen funne ved elva plassert på kyrkja. Men kva nøkkelen eventuelt kunne passe til var det ingen hint om. I mappa låg òg teksten til Vårsøg. Var det noko å hente i den teksten? Bladfyk las høgt «Ok, vi har Øyalia? Noko som kan minne om det?» «Svealiå» korrigerte Grasforskar Grønmyr. «Så rart, det står Øyalia her» Bladfyk heldt papiret både på kort og nær avstand, men fekk same resultat. Uansett, ingen teikn til noko i rommet som samsvara med det stikkordet.

Dei fire skattejegarane var utstyrt med ulik grad av tolmod, og nokon i gjengen meinte det gjekk alt for trægt. «Bjøllåinj kleng så kløkt?». Nei, fisk, båt, lam … men ikkje noko … Lyden av ei enkel bjelle klang igjennom rommet. Bak frå altertavla stakk Handelsmann emeritus Nordvik fram hovudet. «Kjøle rote attom her. Her heng det julpynt og anna skrommel.» Han heldt oppe ei lita bjølle av sølv. Før dei andre rakk å reagere gjekk kyrkjedøra opp. Inn døra kom Historielagsleiar Moe inn. Og han var ikkje åleine. Brått vart skattejegarane blenda av eit skarpt motlys som gav dei sikt som inne i ein polvott.

Då dei fekk synet tilbake kunne dei sjå at den blå mappa var borte. «Kva gjer vi no?» sa Butikkoverbetjent Byteng. «Eg veit kvar vi skal leite, men det veit nok ikkje han som no er på veg ut fjorden med det han trur er løysinga.» svara Historielagsleiar Moe. «om eg ikkje tek heilt feil så skal nøkkelen passe her.» Han gjekk bakom altertavla, bøygde seg ned og peika mot det som kunne sjå ut som eit nøkkelhol merka med HH.

Javel? Kva nøkkelopplysningar var det Historielagsleiar Moe kom med? Kven er på veg ut fjorden?  Og varar jula heilt til påske? Her er det berre å skru på spekulatoren – svaret kjem i morgon (måndag)

Publisert: 20. april 2025, 05:44