Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2025: del 4

Guro Redalen Laurdag 19. april 2025

Jada, krimforfattaren veit at det ikkje er greit å la lesarane henge i lufta midt i ei setning og ikkje avslutte dagsepisoden. Men det blir ikkje lova noko bøt og betring på det. La oss ta opp tråden frå i går utan å tenkje for mykje på om abakle eigentleg er eit ord eller ein nedarva talefeil. For like naturleg som bakels og græt, kjøtt å påsse og ananas på pizza, var det å svinge innom Halsbua for ei påskelaurdagsoppdatering og etterfylling av påskeegget.

Det kjente vårteiknet spyling av asfalten utanfor butikken fall i år saman med ein av årets travlaste handledagar. Nokon vil kanskje påstå at Todalen brannvesen kunne «hille opp me sa» akkurat denne dagen, men det er ikkje slik det fungerer. Det frivillige brannvesenregel nr. 1 var: det passar aldri med brann. Og det ga heilt klart rom for ei lokal tolking med at det passar aldri med brannøving. Så det blå varsellyset blinka blidt i vegkanten medan asfalten fekk seg ein vårpuss og utstyret vart testa.

Innomhus var stemninga lystig med eit søg av heimkomne søner og døtrer blanda med fastbuande og anna folk på handel. Kaffekroken koka nesten over av teoriar til nøkkelfunnet, og sjølv den mest pessimistiske av den faste gjengen (ein svært høgthengande tittel) meinte at dette var ikkje noko som hadde kome av seg sjølv og hadde ei naturleg forklaring.

Butikkbestyrar Ansnes kjente at ho trong ein pause frå diskusjonar over dobbel-H og tok turen på bakrommet. Der var alt Butikkoverbetjent Byteng. Ho sto bøyd over noko papir og verka å vere i si eiga verd og la ikkje merke til at ho ikkje var åleine lengre. «Eg blir altså så lei» sukka Butikkbestyrar Ansnes, og fekk Butikkoverbetjent Byteng til å miste papira ho hadde i hendene i forfjamselsen. Butikkbestyrar Ansnes kunne med eit trent auge lett sjå at dette ikkje var dei oppdaterte påskeplakatane ho hadde tinga på. «Kva har du der, eit kart?». Butikkoverbetjent Byteng starta på ei forklaring, men vart avbrutt av Ordføraren som stakk hovudet inn. Han starta på ein tale om at sjølv veljarar på eit bakrom er viktig for … Butikkbestyrar Ansnes fekk geleida han ut før han rakk å fullføre, det siste ho trong no var valflesk før påskebaconet var utseld.

Butikkoverbetjent Byteng samla saman papira. Ho hadde funne dei i ei blå mappe gøymd mellom Vangsgutane-hefta frå tidlegare år og kassane med vaniljesukker på lageret. Papira verka gamle, men gav ikkje meining i at dei skulle bli oppbevart på bakrommet til butikken. Ho plukka opp telefonen og sendte ei kjapp melding til nokon som kanskje visste.

Ved smågodthylla var Bladfyk på veg til å ta notat til ei etterlysing på todalen.no etter stoppesoppane til Skulstua, men Redaktør Ansnes var alt på saka og låg fleire stavtak framfor ho. Og før diskusjonen i kaffekroken hadde roa seg (og sklidd over til ein diskusjon om at når ei svulu (svale red.anm.) flyg høgt var det eit vårteikn på godvêr) låg nyheitssaka ute. Men lite viste Bladfyk at ho snart skulle få noko anna meir spanande mellom hendene. Det plinga i veska, og med det vart det ei anna rute for heimvegen enn den vante ut butikkdøra.

 

Publisert: 19. april 2025, 05:38