Det er klar for del 3 av påskekrimmen. I dag med nystekt rapport frå Skihytta og fakta du ikkje viste du trong om familien Lægreid. For kanelsnurr-søget har knapt lagt seg etter gårsdagens vellukka dilt på flatmark, og i dag er det duka for ein til. Nemleg sjølve ur-dilten der det ikkje er omågjort å kome først, men å treffe idealtida. Det er på tide å la pokalen vandre!
Å for ein strålande morgon, å for ein strålande dag. Motivasjonen for å kome seg opp lia for det tradisjonelle skirennet Kjerringdilten var slik passe god. Sjølv smørjefrie ski klistra seg til nakken der dei låg på ryggen i påvente av den første snøflekken. Irritasjonen steig i takt med stavtak og fiskebein. God påskestemning med andre ord. Men på sosiale medium var det berre glade solbrillefjes, her var det ein skam å snu sjølv om føret og humøret var manglande.
Nede i bygda hadde Historielagsleiar Moe andre ting å uro seg over. Etter funne av nøkkelen i går var det noko som gnog han meir enn slapp dativføring og dårleg molteår. Han låste seg inn i Ungdomshuset og tok vegen opp til Halsesamlinga. Med lokalkjente steg gjekk han mot skåpet med brev og dokument. For var det ikkje noko med ein nøkkel i … Moe leita, kvar var den blå dokumentmappa blitt av? Den som han ikkje hadde lykkast i å knytte til Halse men hadde tenkt at nokon hadde forlagt i alt det andre. Den hadde dukka opp i den hektiske tida rett før årshefte til historielaget skulle i trykken. Nei. Han la seg på alle fire og såg. Både attme, poinnji og neom, og på ne og na. «Ta va merkele» mumla han, utan at det hjalp på leitinga. Om han ikkje hugsa feil var det eit kart over bygda i den mappa, der eit punkt var merka med ein nøkkel. Var det ikkje slik?
På Skihytta var Fast Bakelsstekjar i gang med bakelspressa. Kjerringar av alle kjønn klumpa seg saman i påvente av at Kjerringdiltgeneral Nordvik skulle gje klarsignal til at det var på tide å få på seg skia. Funn av gamle nøklar ved elvebredda måtte vike for tradisjonar som har vore knytt til denne dagen sidan sikkert før oldefar til skiskytar Sturla Holm Lægreid var dyrlege i bygda.
Tegnspråktolk Talgø fant seg i munter passiar med Gammelostystar Gjeldnes. Dei diskuterte gamle meierimetodar utan å sjå ut til å mugne av den grunn. Fjesbokvarslar Moe hadde alt lagt ut rapport frå startområdet, og var som alltid den einaste som kunne slå todalen.no i å vere først ute med nytt på den store verdensveven.
Pokalen hadde funne ny eigar. Sekkar vart snørte att. På tide å finne vegen ned på flatmark. Sjeldan hadde det vore lengre ned til bygda. Det brusa godt i blodet og hjarte som alltid vankar. Årsskriftstyraren var ein av dei første som kasta seg utfor. Det verka som ho hadde det travelt, sdet var difor bra at ho hadde usedvanlege god glid nedover lia.
Nede i bygda var derimot føre heilt prima, og frk Bladfyk var på tur oppover bygda. Dei gamle fjell i syningom. Dei gode telehiv-humpane. Dei store hola i asfalten. Alt ved det same gamle. Dei som hadde halde den lange fredagen fri for ski, kunne no høyre at det peip og hoia nedover lia. «Kjerringdiltsleppet» tenke frk Bladfyk, «like sikkert vårteikn som kvitsymre og kransekakedagar». Ho hadde knapt sove etter gårsdagens nøkkelfunn. HH. Lett for noko som ber regnjakke over 300 dagar i året å tenke på Helly Hansen. Eller initialane til den einaste i bygda født i 1980. Men, noko sa ho at det ikkje var løysinga. Då ho kom heim fall blikket på bokhylla. Ja for det kunne vel ikkje vere sjølvaste?