I del 2 av påskekrimmen står draumen om vårteikna i kø ved bredda av elva. Men la deg ikkje bli bedøvd av tanken om pollen og søget frå Toåa, for skal mysteriet bli oppklart må alle sansar vere like krystallklår som ein Halling tikkje tå blæst´n.
Skjærtorsdag. Merkeleg namn på ein dag tenkte frk. Bladfyk i det ho satte kursen i retning elva og Todalen tursti. Og eigentleg rart at dagen ikkje blir til Stjortossdag, om ein skal følge logikken til todalsdialekta. Det måtte ho le litt av. Logikk og dialekt høyrte vel like godt i hop som ein snømann og hårfønar. Ho fulgte lukta av bål og svartkjel-kaffi, og såg alt fleire kjente.
Det gjekk rykte om ein ny aktivitet under årets Gunnøydilt. Borgarmeister og Handelsmann emeritus Nordvik hadde fått meir romsleg med tid no etter at Halsbua var overlevert til nye krefter. Han hadde i lengre tid gått og ruga på ein idé om påskeeggjakt. No var idéen klekt ut og klar som … ja egg … til å bli delt med dei som var møtt opp. No sto han berre å såg utover folkehavet. Eller, gjengen med folk. Eit hav var kanskje å ta litt i. Det måtte i så fall vere Haltbakkhavet. Og kven andre enn Ordføraren hadde teke turen for å kaste glans over arrangementet? Ein litt feilslått dilt-dult slukka påskeformen eit par klamme minutt, før det tok seg opp igjen. Det blenkte så godt i ordførarkjede at ei møresild lett kunne ha mista sjølvkjensla. Her var det inga tid å miste.
Nordvik stilte seg opp og tok ordet. «Vel møtt til den historiske hendinga, nemleg tidenes første Gunnøydilt-påsekeggjakt! Før leitinga tek til er det viktig at følgande reglar vert fulgt» Han opna den sagnomsuste brune Stangvikboka og las høgt vidare. «1.) Du må bruke føtene når du leitar, det er ikkje lov til å køyre bil eller anna på fire hjul fram til postane. 2.) Vis omsyn til andre, ha ikkje høgare huvføring enn du må. 3.) Hugs at Hønhalsen enno ikkje er åv, så strengt forbode med bading. Eg gjentek: bading er ikkje akseptert 4.) Ved funn av påskeegg skal det gis tydeleg signal i form av ordet her! Ikkje noko pelenking og dikkedarier som «hei alle eg har funne blabla» Nix! Kort og presis: her!» Spredt mumling blanda seg med ein eim av konkurranseinstinkt. Nordvik held fram «Eit hint skal de få på vegen: Egget er gøymd der di kan hør kår bekkjinn søng. De treng ikkje å kliv te topps e brattast berjestellå. Men det er fare for at de må vea grass å tort å tåberløng. Og det skal de ha til teikn … (dramatisk pause) premien er prima varå sekunda ikke!” Og med det gjekk startsignalet til jakta.
Bygdefolket spreidde seg langs elva, både unge og litt eldre var ivrige. Frk. Bladfyk undra seg litt over korleis reglane til ein såpass ny aktivitet var å finne i Stangvikboka. Men før ho hadde fått tenkt tanken ferdig dukka Haugtussa Skulstuå opp. Og Bladfyk, som ofte før, snakka seg reint bort.
Det gjekk ikkje lang tid før ein kunne høyre eit tydeleg «her!» Det var Grasforskar Grønmyr som vifta ivrig, snart sto det ein liten flokk rundt han. Med godt blikk for fotomotiv var det å sjå etter noko unikt som stikk seg ut i naturen, ei perfekt oppgåve for han. «Unna her, løype!» Borgarmeister og Handelsmann emeritus Nordvik bana seg veg fram til finnaren. I handa heldt Grasforskar Grønmyr ein nøkkel prega av å ha ligge ute ei stund merka HH.
Nordvik kom bort og tok nøkkelen frå finnaren. Ham studerte den og sa til dei som sto i rundt han. «Dette er ikkje påskeegget». Enda meir mysterium? Nei no hadde Nordvik verkeleg dratt på meinte folk og gjorde seg klare for eit ny runde med leiting. «Nei dette er ikkje ein del av påskeeggjakta.» Nordvik såg på nøkkelen igjen. «Dette verkar å være noko enda større og historisk meir viktig enn påskeeggjakta. Noko eg personleg ikkje trudde kunne vere mogleg å få til.»
Ordføraren sjekka todalen.no før han satte seg inn i bilen for å returnere til Skei. Han sukka. Dette med nøkkelfunnet tok all plass i Overredaktør Ørsal sin fyldige reportasje. Ordføraren vart knapt nok nemnt i meir enn ein innskoten bisetjing i ein bildetekst. Nei, her måtte det hardare krutt til …