Påskemorgon skal slukke sorgen, men først skal vi løyse eit mysterie saman. Så det er berre å helle oppi meir kaffi i koppen, smøre hjarnecellene med rett farge Swix og snurre på Poirot-barten – her kjem nemleg del 1 av årets påskekrim!
Der fjorden går mot fjella inn. Der ligg dalen, slik som han har gjort sidan Tov skua utover han frå Sjåarberget ein gong. Og elva, ja ho går fortsatt i foss og sving. Lufta bevar tå søget av vår og det som er i vente. Himmelen – rein og klår. Kvitdekte fjelltoppar ber draumen om skispor med god gli i kvar ein sving, appelsinrast i sol og at synnåvinn ikkje kjem å gjer me sel. Ja la oss rett og slett la oss tru at kvar dag blir eit dagens bilete-motiv denne påska.
Om du denne dagen valte å gå ned Pilskaret og ikkje sikta deg inn på stor-roint- runde rundt bygda, kunne du kanskje ha høyrt ei lett plystring i det du passerte Skulstuå. Og om du hadde høyrt det, og hadde lokalmusikk-kunnskapen i orden (kven har ikkje det?), ville du òg ha høyrt at det var sjølvaste Tovass-valsen av Hallvard Ørsal som smaug seg ut det opne vindauget denne starten av påska 2025. Haugtussa Skulstuå dreiv nemleg å rigga til ein ny Bøt og Betring- kveld, eit berekraftig og sosialt tiltak som hadde slått godt an. Eller som Overredaktør Ørsal ville ha formulert det: faktisk hadde slått godt an hos bygdefolket.
At ingen hadde tatt patent på komboen spel, stopp og skravling er utruleg, men sikkert var det at vogga for denne aktiviteten sto ikkje i Morgendal eller Mesopotamia. Den var her, i Skulstuå. Her kunne ingen hussu-hol eller kortskallar føle seg trygge. Haugtussa Skulstuå skulle berre ordne litt i sysakene no så … kva var dette? Plystringa tok brått slutt og gjekk over til eit gisp. For der samlinga av stoppesoppar skulle ligge låg det berre ein einsleg gul knapp. Utan meir virrevapp slo Haugtussa Skulstuå igjen lokket på syskrinet. Her måtte det tilkallast hjelp, og det på litt over vanleg internasjonal standard.
Ein annan stad. Litt seinare. Mumling frå nokon som las høgt «Vær glad i heimen din bøt og saum, og livet det vert som ein fager draum.» Skikkelsen måtte le litt i det samlinga av stoppesoppar varsamt vart pakka ned. Det durte i baklomma. Telefon, no? På telefonskjermen sto det eit ukjent nummer. Det stemmen i andre enden fortalte fekk pulsen opp hos mottakar. Men ein ting var sikkert. Her måtte ting bli stoppa og dekka over, og det meir effektivt enn på synkeholet i Ansnesvegen.