Du trudde kanskje ikke det vart påskekrim i år? Nåh-nei, frå og med i morgon (onsdag) kjem det tradisjonen tru eit nytt svært lokal og kortreist mysterie med tittelen «Eit steinansikt frå sjynå – når kjempar fell, kjem nye».
Vi kan ikkje garantere at du får svar på alle spørsmåla i mysteriet (eller i livet) i løpet av påskeveka, men håpar likevel det kan vere til underhaldning. Så i morgon er det berre å helle oppi meir kaffi i koppen, smøre hjarnecellene med rett farge Swix og snurre på Poirot-barten.