Påska er også tid for musikkoppleving! I årets stille veke kan nordmøringar nyte strengeklang og arier i Todalen og på Sunndalsøra skjærtorsdag og i Nordlandet og Tingvoll langfredag. Festivalkvartetten spelar med Sigrid Vetleseter Bøe som songsolist. Kvartetten består av fiolinistane Alex Robson og Åshild Breie Nyhus, bratsjisten Anders Rensvik og cellisten Joakim Munkner. KKKK-Festivalen i Kristiansund produserer konsertane.
Musikkprogrammet er tilpassa Den Stille Veka. Samtidig varierer det klanglege uttrykket i ei gjennomtenkt blanding av kjent og uvant stoff. Vi hører gripande og vakre satsar frå Mozarts «Dissonans-kvartett», frå ein Beethoven-kvartett og frå Maurice Ravels mindre kjende «Kvartett i F-dur». Samtidskomponisten Arvo Pärt (Estland) let oss gjennom verket «Fratres» (Brør) høre at ny musikk også er vakker. Det gjeld i høgaste grad også konsertens finale – «Kvartettsats» av romantikaren Franz Schubert.
Sigrid Bøe syng Mozarts Golgata-motett «Ave verum corpus» (Ver helsa, sanne lekam) forutan satsar frå «Gloria» av Antonio Vivaldi og frå «Requiem» av Gabriel Fauré
4 konsertar i 4 ulike kyrkjer:
- Todalen kyrkje skjærtorsdag 17. april kl. 16.00
- Hov kirke, Sunndalsøra, skjærtorsdag 17. april kl. 20.00
- Nordlandet kirke, Kristiansund, langfredag 18. april kl. 17.00
- Tingvoll kyrkje langfredag 18. april kl. 20.00