Kristiansund festivalkonsert og solist Sigrid Vetleseter Bøe gjesta skjærtorsdag ettermiddag Todalen med sin Påskekonsert. Mellom 80 og 90 konsertsugne publikum hadde mått fram i Todalen kyrkje for å la seg underhalde av sopranen Sigrid V. Bøe og festivalkvartetten, som betod av Alex Robson på fiolin, Åshild Breie Nyhus, fiolin, Anders Rensvik, bratsj og Joakim Munkner på cello. Og publikum fekk valuta for pengane!
Anders Rensvik losa oss gjennom programmet, der vi gjennom 9 forskjellige verk fekk smakebitar av både Mozart, Vivaldi, Beethoven, Rubert, Ravel og Pärt.
Konsertgjengen har eit par travle dagar der dei skjærtorsdag gjesta Todalen Kyrkje som første stoppestad, men ferda gikk vidare til Hov kyrkje i Sunndal og langfredag er det Nordlandet kyrkje og Tingvoll kyrkje som står for tur.
Sigrid har nok ekstra god grunn til å feire i påska. Ho har nemleg fått beskjed om at ho er komen inn på Operahögskolan i Stockholm, og det er nok ei trong nålauge å koma gjennom! På «Konstnärligt kandidatprogram i opera med inriktning sång (180 högskolepoäng), er nemleg Sigrid ein av 7 studentar for 2014/2015!