Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskegudsteneste i friluft

Jon Olav Ørsal Måndag 1. april 2024

Godt og vel 50 som deltok i påskegudstenesta ved gapahuken på Tjønnmyran 2. påskedag.  Yr.no passa på å halde seg innafor vêrmelding, slik at det var opphaldsvêr, men det kunne godt ha vore nokre fleire varmegader.  Men soknerådets servering av varm kaffe og varme pølser etterpå kompenserte langt på veg for det. 

Randi vetleseter Bøe var tekstlesar/klokkar, medan Hans Arne Aakerø var vikarprest. Foto Jon Olav Ørsal

Det var vikarprest Hans Arne Aakerø som var dagens liturg, og dagens preken var sjølvsagt basert på påskebodskapet  – frå Lukas-evangeliet kapittel 24, vers 36-45 og minntes Jesu oppstandelse. På orgelkrakken satt som vanleg Bernt Bøe, medan Randi V. Bøe var tekstlesar/klokkar.  

Konfirmant Markus Bolme sørga for å ringe inn til gudsteneste. Foto Jon Olav Ørsal

Dagens takkoffer gikk til Kirkens SOS – dersom du vil være med å støtte ei god sak, så kan du nok vippse nokre kroner i etterkant – Vipps #506 908.  Under kunngjeringar vart det minna på om minnekonserten for Bjarte W. Aasgård i Åsskad kyrkje laurdag 6. april kl 18.  Der deltek Anders Larsen, Sigrid V. Bøe og Erling W. Aasgard.  Friluftsgudstenesta avslutta med Todalssongen som postludium.  Neste gudsteneste  i Todalen kyrkje  er 21. april kl 11:00. 

godt med ein kaffekopp etter gudstenesta – konfirmant sivert Sogge spanderer ein sjokoladebit til kaffen for May Holten og Knut halset.  Foto Jon Olav Ørsal

Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå friluftsgudstenesta ved gapahuken på Tjønnmyran  –  alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. april 2024, 13:29