Denne påska har det vore fint å drive isfiske på Todalsfjorden. Sjøisen er nok solid enno, og i det fine været er det rart at det ikkje er fleire som har latt seg friste til å ta turen ut på isen for å prøve seg på litt isfiske. Langfredag var det nokre isfiskarar ute på fjorden, som såg ut til å kose seg i det fine vêret.

Om dei fikk nokon fangst veit vi ikkje, men det var kanskje verdt turen lell. I det kalde marsvêret har nok ikkje isen tina noko vesentleg, og det er enno gode mulegheiter for å prøve seg på isfisket. Men på same måten som for skredfaren i fjellet, så må den enkelte vurdere tilhøve sjølve før dei dreg utpå isen!