Det er travle dagar på Matkroken. Handelsmann Nordvik er godt nøgd med påskehandelen så langt, men reknar med eit ekstra løft dei neste dagane når dei siste tilreisande påsketuristane gjer sitt innrykk. Derfor er butikken open til kl 18 både tysdag og onsdag. HalsOil drivstoff får du kjøpt heile døgnet gjennom heile påska ved bruk av kortautomaten. «Verdens beste drivstoff er sjølvsagt tilgjengeleg døgnet rundt», seier Nordvik.
Opningstida dei ymse dagane i påska er slik:
Tysdag 26.3. 09.00 -18.00
Onsdag 27.3. 09.00 -18.00
Skjærtorsdag 16.00 -18.00 (Kiosk-ope)
langfredag Stengt
Påskeaftan 09.30 – 15.00
1. påskedag Stengt
2. påskedag 16.00 – 18.00