Etter at Maursund avslutta trafikken til Svinvika har det vorte litt rot med parkeringa i området. Lensmannskontoret presiserer at det er forbud mot parkering på vegen ned fra Svinvikkrysset ved fylkesveg 671 og helt ned til kaiområdet. Det er også parkeingsforbud på riksveg 671, som er vegen inn mot Todalen, da det no vil bli ein del tungtrafikk inn til rasområdet. Parkering skal skje på parkeringsplassen til arboretet og på parkeingsplass/lunningsplass ovafor fylkesveg 671.
I tillegg kan det parkeres på gammelvegen frå gardsvegen til Svinvika og innover på høgde med Svinviknaustet. Det kan også parkeres fra innkjøringa til Svinviks arboret og oppover Sommarfjøsbakkan etter gammeldvegen, opp til krysset til fylkesveg 671. I løpet av onsdag vil det kome på plass nye og mer informativ skilting om kvar det er lov å parkere og kvar det er parkeringsforbud.
Fungerende lensmann Per Gjeldnes ber om at bileigarane tek hensynt til skiltinga, slik at dei ikkje hemmar transport til og frå gardsbruket og trafikk til kaiområdet.