Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Parkering – «På tur i Todalen»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. januar 2022

Trimgruppa i Todalen Idrettslag sin «På tur i Todalen»-app, som vart lansert 1. oktober i fjor, har vorte ein stor suksess, som mange brukar når dei er på tur. Det er per i dag klokka 12:30 registrert totalt 3980 turar i appen sidan 1. oktober.. Trimgruppa har fått nokre få tilbakemeldingar på at det av og til blir parkert på plassar, på privat grunn, som skaper problem for eigaren, medan folk er på tur. 

Difor kjem Trimgruppa med ei oppfordring om å, i størst mogleg utstrekning, å parkere på dei plassane som er angitt som parkering for kvart turmål i appen. Når ein går inn i «På tur i Todalen»-appen og vel turmål, vil ein og få opp «Tilkomst og parkering» for turen. Dette er parkeringsplassar Trimgruppa har gjort avtale om å kunne nytte som parkeringsplassar. 

Dersom ein parkerer ein annan stad enn på dei angitte parkeringsplassane, bør ein ta kontakt med eigar før ein parkerer der. 

«På tur i Todalen»-appen kan du laste ned her: «På tur i Todalen» – Trimpoeng

Trimgruppa ønsker ALLE god tur!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 30. januar 2022, 12:40