Tordenskjold songlag sørga for skikkeleg stemning med sin franske aften i ungdomshuset. Og når det er fransk aften er sjølvsagt stemninga sterkt prega av Edit Piaf og Les Miserables, og det var også fredagskveldens forestilling i Todalen ungdomshus.
Dette klarte Tordenskjold songlag og dirigent Elin Persson og pianist Hedda Hansen Berg å formidle godt til publikum, sjølv om det var tynnt i rekkjene i ungdomshuset. Programmet starta med ei koravdeling dominert av fransk musikk, der Tordenskjold bruka mest norske tekster. Det starta med «Smil, trall og vær glad», «Under Paris himmel» og «Rosenrøde sanger om Paris» før vi fikk ei «Piaf-avdeling», der Carla van Buggenum var solist under framføringen av «Hymn a l’amour» og fikk demonstrert si flotte songstemme.
Vidare fekk vi ei litt meir livleg og lausslept mellomavdeling, som fekk skikkeleg applaus frå publikum. «I love Paris», med Carla som solist og Oddvar Nordvik som dansar. Vidare fikk vi «S’il vous plait» med Per Jarle Riksheim og Chanson d’Amour med Carla van Buggenum, Brynhild Fossen og Per Jarle Riksheim.
Til slutt på programmet var medley frå Les Miserables der Carla, Grete Ingunn, Per Jarle, Karstein og Oddvar var solister. Midt i programmet var det sjølvsagt kaffepause og loddsal, før programmet fortsette gjennom ein flott song- og musikkveld. Laurdag kveld er det forestilling i grendehuset i Bøfjorden, og vi anbefaler bøfjordingane og andre song- og musikkinteresserte så sterkt vi kan å ta turen dit.
Bildegalleri frå fredagens «Franske aften » i Todalen ungdomshus – alle foto: Jon Olav Ørsal