På dagens konkurranse i skiskyting i Paralympics i Beijing, kom Nils-Erik Ulset på ein 10.-plass. Med berre 1 bok hevda han seg godt på skytebanen, men vart nok ikkje kjapp nok i sporet.
Vinnar av dagens konkurranse i 10 km skiskyting vart Mark Arendz frå kanada, med Grygorii Vochynskyj fra Ukraina på andre plass og Alexandr Gerlits frå Kasakhstan på tredje. Nils Erik var 3.30 etter vinnaren i mål med justert tid.
Under Paralympics er det no ei øving att for skiskyttarane. Det er 12,5 km som går fredag 11. mars – med start kl 05.20.