Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påminning: TV-aksjonen er digital i Surnadal

Jon Olav Ørsal Sundag 23. oktober 2022

Vi minner om innsamlingsaksjen som går på TV i heile dag – inntekta frå TV-aksjonen går i år til «Leger uten grenser», og det er forventa at aksjonen skal gi bra inntekt til organisasjonen. Behovet for midlar har kanskje aldri vore så stort, og situasjonen med energikrise, krig i Europa og ei gryende klimakrise minner oss kvar dag på om situasjonen. I Surnadal er innsamlingsaksjonen digital – det vil seia at det er ikkje gang i å vente på at bøssebærarar skal kome på besøk – dei kjem ikkje rundt i heimane i år.  Du må i år bruke Vipps eller bankgiro for å gje ditt bidrag til aksjonen.

For å betale med Vipps, så brukar du Vippsnr 2133 og det er kanskje den enklaste måten du kan gje ditt bidrag – dersom du heller vil bruke bankgiro så kan du bruke bankgiro nr 8380 08 09005, begge alternativa blir automatisk registrert på givarfylke/kommune, slik at innsamlingsresultatet blir rett fordelt.

Innsamlingsaksjonen vi pågå gjennom heile dagen, og det blir spennande å sjå kor stor gjevargleda er både på kommunalt plan og på fylkesplan  – vi kan berre oppfordre til å «gi så det svir»!
Her kan du lese meir om TV-aksjonen som i år går til inntekt for Leger uten grenser.

Innsamlingsaksjonen er forlengst komen i gang, og i skrivande stund  7-tida i dag er det kome inn 55.035.905,-   Men det skal bli mykje meir i løpet av dagen – kor mykje er du med på å bestemme!

 

Publisert: 23. oktober 2022, 06:05