Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Palmer er ny ledar i Skog-Kompaniet AS

Jon Olav Ørsal Måndag 17. mars 2014

Palmer Vikan er ny ledar i Skog-Kompaniet frå 1. mars. Formelt foregikk «vaktskiftet» den 1. mars, og han tek over etter Kristen Bruset som går til nye utfordringar i Veidekke.  Det kriblar i magen, men eg gler meg, seier Palmer, som til no har jobbe eit halvår som driftsleidar i firmaet. Heldigvis har eg 13 erfarne kollegaer med meg vidare, så dette går nok bra, seier Nordvikgardingen.

Skogkompaniet har ei omfattande verksemd, og har nærast heile landet som marked. Først og fremst er det skogrydding langs vegane som tradisjonelt har vore den største marknaden, men vi driv også med konsulenttjenester og anna relatert skogsarbeid. I dag er det Arvid gjerde, Alsco og Krogset som er majoritetseigarar med 75% , men nokre av dei opprinnelege gründarane her i Surnadal eig framleis 25%. Skogkompaniet har omlag 25 mill. i omsetning slik det er organisert i dag, og budsjetta for 2014 viser at vi har tenkt å halde på vår marknadsandel.

Sjølv om kantrydding er ein stor marknad, er det hard konkurranse om oppdraga, og vi må nok jobbe hardt for å være med i den harde konkurransen. Men vi har dyktig folk og bra utstyr, og vi meiner difor at vi skal kunne hevde oss bra i konkurransen.

Publisert: 17. mars 2014, 05:00