Isak Drøpping som representerer Trollheimen Fjellsportklubb og Juniorlandslaget i Randonee sikra i dag sølvmedalje 18-årsklassen under ISFM Youth World Cup. Crevacol ligg i de italienske alper på grensa mot Sveits og Frankrike. Isak gjorde eit kjempeløp og sikra seg andreplassen i dagens kvalifisering, og vidare andreplassen i semifinalen og til slutt andreplass i finalen – berre slegen av kineseren Langjia Gongsong.
Resultatlistene er av ein eller anna grunn ikkje klare, men vi veit at vinnarane har vore på pallen, og vi får kome etter med resultatlistene. Det var Iver Holen og Isak Drøpping som representerte juniorlandslaget under ISFM Youth World Cup i Crevacol. Ivar Holen røyk ut i semifinalen der han hamna på 6-plass i si pulje.

Isak og Iver er dei to som vart tekne ut for å representere randoneelandslaget i Crevacol i Italia i helga. Det blir spent å sjå kva dei to kan utrette under vertikalen i dag? Foto HD Trollheimen fjellsportklubb
Omsider vart resultatlista klar – den viser at Isak kom i mål 4,6 sekund etter vinnaren. Litt av ein prestasjon.

Resultatlista for klasse U18 Men – Totalt var det 27 deltakarar som fullførte dagens sprint i Crevacol.
Søndag er det vertikal som står på programmet, og det er Isak og Iver som skal representere dei norske fargane da og. NO satsar dei to med friskt mot og tykkjer sjølvsagt at det har vore ei fenomenal juleavslutning i det flotte alpeområdet i Nord-Italia