I dag vart det ein bra start på dagen i Morgins i Sveits. Trekløveret som starta i U18 menn klarte å sette seg skikkeleg i respekt under VM i randonee som altså går i dei sveitsiske alpane – nærare bestemt i Morgins. Aron Rodal Haugen sikra tredjeplassen, medan Ivar Holen kom på 4.-plass og Isak Drøpping på 9.-plass i dagens konkurranse i vertikal. Alle 3 høyrer til det norske juniorlandslaget og det var 33 startande i klassen.
I klasse U20 damer gjorde Elise Hjelset Andersen eit kanonløp, og sikra seg sølvet, berre 8,8 sekund etter Klara Velepec frå Slovenia. Her kom Ingfrid Klokset på 13.-plass i klassen med 17 deltakarar. Vidare kom Mads Kirkreit Gjethammer på 26.-plass med tida 5:05 etter amerikanaren Griffin som vann klasse U20 menn på tida 21:22,6.

Aron varmar opp før start. – Prima forhold i dag – 5 kuldegrader, sol og godt føre. Foto Odd Helge Haugen
Seniorklassane går ikkje før i kveld i 18-tida – Iklassen senior menn startar Trym Dalset Lødøen, Erik Kårvatn, Sander Engdahl og Bjørn Haugo Herfindal. I klasse senior damer starter Ida Wahldal i einsam majestet.
Med seniorane gjekk det slik:
Aller først så kan vi informere om at Eroik Kårvatn og Ida Wahldal meldte forfall til dagens vertikal på grunn av sjukdom. Det ble heller ikkje nokon opptur for dei 3 andre seniorane – Trym Dalset Lødøen kom på 31.-plass med tillegg 3:09,3 til vinnartida. Bjørn Hugo Herfindal kom på 47.-plass med tillegg 4:23,1 og Sander Engdal på 56.-plass med tillegg 5:04,1. Det var 88 som fullførte dagens vertikal i VM i Morgins i Sveits. Onsdag er det fridag/kviledag før torsdagens VM-konkurranse i sprint.