Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pål Arne Winsnes innsett som ny sokneprest

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 25. august 2024

Pål Arne Winsnes vart under søndagens gudsteneste i Stangvik kyrkje innsett som sokneprest i Indre Nordmøre prosti, med alle seks sokna i Surnadal som tenestestad. Winsnes fyller eit langvarig tomrom. 

Stig Sæter, leiar i kyrkjeleg fellesråd i Surnadal las «Kallsbrevet» frå biskop i Møre bispedømme, Ingeborg Midttømme, medan prost i Indre Nordmøre prosti, Vidar W. Rygh føretok innsettingsseremonien.   

Leiar i kyrkjeleg fellesråd i Surnadal, Stig Sæter ønskte Pål Arne Winsnes velkomen, med blomster frå alle dei seks sokna. Foto: B G Ansnes

Rygh ønskte Winsnes velkomen til Surnadal og dei seks sokna i kommunen. Han var temmeleg sikker på at Winsnes ville bli godt motteken her, på same måte som han sjølv vart det for rundt tretten år sia.

Etter gudstenesta var det Sæter, som på vegne av dei seks sokna i Surnadal kommune, som ønskte Winsnes velkomen med blomster. Sæter som Rygh var sikker på at Winsnes ville bli godt motteken rundt om i sokna. 

Klare for innmarsj til innsetting av Pål Arne Winsnes som sokneprest i Surnadal, Gro H. Venås, prost Vidar W. Rygh og sokneprest Per Arne Winsnes. Foto: B G Ansnes

Vi fekk også, så vidt, bli litt kjent med den nye organisten, Amund Valde, da han spela under takkofferet i Stangvik kyrkje i dag. Han vil, som Winsnes, ha alle seks sokna i kommunen som sin arbeidsplass. Han fekk også blomster av Sæter. Valde sitt første oppdrag som organist var i Ranes kyrkje på kveldsgudstenesta søndag kveld.  

Publisert: 25. august 2024, 17:32