Todalen sokneråd inviterer til friluftsgudsteneste på Tjønnmyran 2. påskedag. Å avslutte påska med friluftsgudsteneste har lang tradisjon – først var det på Haugligardane i mange år, men dei siste åra er det gapahuken på Tjønnmyran som har «husa» arrangementet. 2. påskedag startar gudstenesta på Tjønnmyran kl 12, og det er vikarprest Hans Arne Aakerø som er litturg.
Les heile saka
Det er ikkje så vanskeleg å lage nye frukttrær, men det er faktisk ein del knep ein må bruke for å få bra resultat. Søndag var det kurs i poding i Svinviks arboret, og da var det mange interesserte deltakar som meldte sin interesse for å lære faget.
Les heile saka
Surnadal Blades er ein lokal ishockeyklubb med både Todalingar, Surnadalingar og fleire til – søndag var dei i Kristiansun for å prøve isen i Nordvest Arena på tampen av sesongen. Surnadal Blades hadde med seg forsterkningar frå Sagene Puck i Rindal, og kalla seg for høvet for Sagene Blades.
Les heile saka
NM i Randonee har i helga pågått i Lillehammer, og i dag var det full spenning under NM i sprint der både Erik Kårvatn og Aron Rodale Haugen hamna på pallen – på henholdsvis 2. og 3. plass.
Les heile saka
Fredag 29. mars (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. Vinnaren av «Kjerringdilten» får eit napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Veidekke har bidrege økonomisk til innkjøp av heilt nye startnummer, som vil bli brukt for første gong under «Kjerringdilten» langfredag.
Les heile saka
Nordvik Grendalag har eit rikhaldig program for påska, med påskebasar, seterrenn og afterski med påskequiz. Det heile startar med påskebaser i Nordvik forsamlingshus tysdag 26. mars klokka 18:00. Det er mogleg å kjøpe lodd via Vipps 98505. Kvart lodd kostar kroner 50,-.
Les heile saka
På Todalshytta opnar dei restauranten 3 dagar i påska. Vi har alt røpa at det blir balldag på tysdag, med servering frå 15:00 til 18:00, og som vanleg blir det både sildball og potetball på menyen denne dagen. Langfredag blir du invitert på «after ski» på Todalshytta, og da bys det på burger & pizza med godt tilbehør, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta.
Les heile saka
Surnadal kulturhus vil vere meir ope denne påska, enn dei tidlegare påskene, og kinoen nyttar høvet til å vise mykje film. Biblioteket vil vere ope laurdag og så dei to første dagane i påskeveka (måndag og tysdag). Men det vil vere mogleg å nytte «meirope tilgang» kvar dag resten av påska.
Les heile saka
Handelsmann Nordvik har sendt oss oversikt over opningstider for Matkroken Todalen. Her finn du opningstider for butikken både før påske og i påskehelga. I år er det kun ein dag at butikken er heilt stengt, nemleg langfredag 29. mars. Nytt av året er at det er kioskope 16-18 på 1. påskedag 31. mars.
Les heile saka
Sidan stormen i vinter har hengebrua mellom Liatun og Heggøyann vore steng for all bruk. I dag har det pågått reparasjon av brufesta og brutårnet på eine sida, og no er brua atter farbar for fotgjengarar som kan bruke brua på eige ansvar. Det er Gunnar Nordvik som med god hjelp av Per og Arne frå Gjeldnes Maskin som har jobba med reprasjon av brua, medan arbeidet har vore administrert av Todalen Bygdalag.
Les heile saka
På tysdagar frå 10:00 – 11:30 er det no starta opp dametrim på Hett & Svett. Så har du lyst til å vere med å trimme litt i lag med andre damer og ha det litt sosialt, så er det berre å møte opp og bli med!
Les heile saka
Kirkens Nødhjelpkontakt i Surnadal og Rindal, Gro Hauge Venås, ønsker på vegne av Kirkens Nødhjelp å rette ein stor takk for alle bidrat til årets fasteaksjon, og til alle konfirmantane, foreldra og frivillige som deltok i innsamlinga på tysdag. Ho rettar også ein stor takk til dei som har vippsa til 2426 eller gjeve kontantar. Bidraga går rett inn på Kirkens Nødhjelp sin konto.
Les heile saka