På denne tida er det travel åsmøtetid, og og denne gongen er det Todalen båtforening det gjeld. Det skjer torsdag 6. mai kl 19:00 i båthamna eller på kantina i 2. etasje på anlegget på Kvennset.
Les heile saka
På denne tida er det travel åsmøtetid, og og denne gongen er det Todalen båtforening det gjeld. Det skjer torsdag 6. mai kl 19:00 i båthamna eller på kantina i 2. etasje på anlegget på Kvennset.
Les heile sakaKyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 17. april klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile sakaDordi Fedje knipsa fullmånen i mars, og har blitt kåra til månadens bilete. Vi gratulerer!
Les heile sakaMarit T. Husby (12.2.1853 – 7.8.1955) frå Husbytrøin i Todalen var den første kvinnelege læraren i noverande Surnadal kommune. Ho var vart tilsett som lærar i storkretsen Bele i daverande Åsskard kommune, som frå 1.1.1965 vart ein del av Surnadal kommune. Ho var lærar i Belagrenda, Bæverfjorden, Bæverdalen og av og til i Bøfjorden. Ho var lærar her i 26 år, i perioden 1877 – 1903.
Les heile sakaDet lovar i alle fall Teatret Vårt, som laurdag 20. april klokka 19:00 kjem til Surnadal kulturhus med «Norsk sangbok – Eit humoristisk skråblikk på det å synge saman».
Les heile sakaVi kan trygt seie at Eirik Gjeldnes som kjører ut kraftfôr er «vidfarann», for du kan treffe på han med tankbilen frå Romsdalsfjorden og oppover til Verdal i Trøndelag. – Sågar hender det også at det er levering i Ålesundsområdet. Etter 16 år som sjåfør på Røv Mølle er han nok lommekjent både på Nordmøre og i Romsdalen.
Les heile sakaI Øyagrenda trefte vi Rolf Petter Halle som var i full gang med å grave grøft for å legge fiberkabel innøver Øyagrenda. Det ligg i dag fiberkabel fram til Todalen Ungdomshus, og no er det grenda innafor som skal få fiber.
Les heile sakaLinda Eide og Sjur Hjeltnes tek med seg forestillinga om nobelprisvinnaren Jon Fosse til Storstuå på Surnadal kulturhus torsdag14. november klokka 19:00. I tillegg blir forestillinga vist på Sunndalsøra og i Kristiansund dei påfølgande dagane.
Les heile sakaI dag sørga Teigan Maskin for å feie vekk siste rest av vinteren på dei kommunale vegane. Det var berre så støvskya stod rundt traktoren som hadde Pilskarvegen og Markavegen som mål for sine tenester. Dermed er støvet av strøsandrestane borte og det blir reint og fint etter dei kommunale vegane.
Les heile sakaTodalen Elveeigarlag førebur ny sesong med laksefiske i Toåa. Den største nyheita er nok at sesongen ser ut til å bli utvida med 4 veker. Det vil seie at sesongen startar frå 1. juni – altså 2 veker tidlegare og varer til 31. august, som er to veker lengre enn i fjor. Dermed er sesongen og tida likt med Surna- og Søyavassdraga.
Les heile sakaTorsdag kveld var vi ein tur innom «Bli med hit» messa på Clarion Hotel The Hub i Oslo, der nærmare 150 potensielle arbeidsgjevarar hadde laga ei flott utstilling for dei mange besøkande. Messa er eit samarbeid mellom Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre næringsforum og Næringsforeninga i Ålesundsregionen. Målet er å vise mangfold og ein svært variert arbeidsmarknad i fylket vårt.
Les heile sakaBrynjulf Jung Tjønn kjem til Surnadal bibliotek tysdag 16. april klokka 19.30. Da får du møte ein sjeldan allsidig norsk forfattar, noko som vil vere vel verdt å få med seg!
Les heile saka