På Kvennset var Veidekke Drift fredag føremiddag i gang med utskifting av gamle og fargelause vegskilt. Det var Ragnar Johnsen som hadde fått jobben med å demontere gamle skilt og montere opp spilder nye skilt med dei korrekte fargane på skilta i 50- og 60-sona.
Les heile saka
8 foreningar i Surnadal har gått saman og kjøpt inn ein celletelllar til Surnadal legesenter. Ein celletellar er eit apparat til telling av blodcellene. I løpet av sekunder kan ein celletellar kvantitere raude celler, hvite celler og blodplater i ein blodprøve, og videre uttrykke undergrupper av hvite blodceller i prosent eller absolutt antall av hver type. Dette gjer kvardagen for til dømes kreftramma i Surnadal mykje enklare.
Les heile saka
Todalen Bondelag og Surnadal Bondelag i samarbeid med Surnadal Sparebank og Surnadal kommune arrangerer 7. februar Landbrukskonferanse på Surnadal kulturhus. Dette er den 4. konferansen som vert arrangert sidan oppstarten i 2007.
Les heile saka
Forbodet mot bruk av open eld gjeld også på kyrkjegardane i kommunen. Inntil forbodet blir oppheva skal kun gravlykter med batteri nyttast.
Les heile saka
Onsdag kveld var det bokstaveleg full stopp i Halsasvingen. To repreresentantar frå det lokale lensmannskontoret, med refleksvestar og lysande raudt signal beordra stopp. Her var det berre å stoppe og finne fram med førarkort og vognkort i mørket. Og så vart det blåsing i alkometeret….
Les heile saka
Ja, det er oppfordringa til alle som har lyst til å bli med. kvar måndagskveld er det volleyballtrening i gymnastikksalen i Todalen oppvekstsenter, og treninga startar kl 19.00 og varer utover til kl 20.30. Sist måndag kveld var vi innom ein tur for å ta pulsen på opplegget, og da var det 16 ungdommar som kjempa om ballen.
Les heile saka
I forbindelse med at Nordmøre og Romsdal Fotballkrets er 100 år i år, så har det vært detektivarbeid i gamle protokoller for å lage stoff til eit jubileumshefte. Knut Haugen har i helga vore med på dette arbeidet i Molde, og kom over gamle artiklar om både IL Søya og gamle Todalen Idrottslag.
Les heile saka
Stabile vêrtilhøve har gjort at det etter kvart har vorte fin is på asfaltplassen på Bordholmen. Idrettslaget har dagleg sprøyta på vatn for å få isen jamn og fin, og no er det mange som brukar isen kvar dag og utover kvelden. På Bordholmen er det også ein del utstyr som er lagt ut til utlån, slik at du får prøve isen uten å kjøpe nytt utstyr. Alt tyder på at det blir fint også i dagane framover, da vêrmeldinga spår opphald og litt kaldare vêr utover veka.
Les heile saka
Statistikken for elvefisket etter laks vart frigjeve i fredag. Den viser på landsbasis ein nedgang på 19% i 2013, samanlikna med 2012. Dersom ein samenliknar 2013 med gjennomsnittsfantane sida 2000 er nedgangen på 18% i 2013. Nedgangen er gjeldande for det meste av landet, med unntak av nokre elvar på sørlandet og nokre i Troms. For Toåa er det også stor nedgang, og dersom ein samanliknar laksefisket i 2013 mot 2012 er nedgangen på heile 63,5%. Her må ein imidlertid ta omsyn til at fiskesesongen var nedkorta med 2 veker i starten av sesongen og 2 veker i slutten av sesongen. Fisket i Toåa starta 15. juni og slutta 15. august, mot tidlegare 1. juni til 31. august!
Les heile saka
Vi går no inn i siste uka i januar, og kan glede oss over at sola er på veg tilbake. I Todalen er det nok i første omgang i Sissigrenda og på Kvennsetørå at vi hittil har kunna nytt dei første solstrålane, men neste veke vil nok både Smålandsgrenda og Husbygrenda få føling med sola igjen. Og resten av bygda følgjer nok etter kvart….
Les heile saka
I neste veke arrangerer Surnadal Sparebank og Surnadal kommune Landbrukskonferansen 2014, saman med Todalen bondelag og Surnadal bondelag. Det skjer på Surnadal kulturhus fredag 7. februar, og har eit rikhaldig og aktuelt program. Konferansen startar kl 9.30 og går fram til kl 15.30. Dei kan by på mange interessante foredraghaldarar gjennom dagen, berre avbote av ein lunchpause under vegs.
Les heile saka
Då er tida kome for å stemma fram det beste biletet for 2013. No er det snart fire år siden vi starta med å stemma fram månadens bilete, og i sommar er det fem år sidan Todalen.no starta opp, med dagens bilete som ei viktig brikke.
Les heile saka