I går hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til fjelltur til Solemsetra, og det vart ein skikkeleg fin tur med finvêr og god temperatur for dei 30 som var med. Som vanleg var det oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje, og samkøyring til Flessen og Oppistua Solem, der dei parkerte.
Les heile saka
Onsdag eller torsdag går det nye vårmagasinet i postkassane i eit større opplag enn nokon gong. Stig Husby i Amfi Kreativ fortel av dette er ei storsatsing, og rundt 15.000 eksemplar blir distribuert. Nytt i år er at Oppdal og Rennebu er med – elles er Sunndal, Nesset, Tingvoll, Smøla, Tustna, Heim, Orkland og sjølvsagt Rindal og Surnadal. -Vi føler at vi treng å vise fram no, fordi at det er veldig mykje på gang her på heimebane – ikkje minst for å presentere eit omfattande program for «Midtsommar i Surnadal». Magasinet brukar heile 52 sider på å presentere næringslivet og folk i farta, så her må alle finne noko som interesserer.
Les heile saka
Einy Rendal Elgsæther var skeptisk da ho såg at Surnadal kommune skulle kome rundt til dei eldre i kommunen på heimebesøk. Ho var redd det var eit tilsyn, som kunne kome med pålegg om både det eine og det andre. Var eigentleg litt redd for å få kritikk for manglande tiltak. Svindelforsøk var også i tankane til Einy, men der tok ho grundig feil.
Les heile saka
Kvar måndagskveld er det trim for denne gjengen – vinters tid skjer det på «Hett & Svett» eller på Tjønnmyran, men på slike fine kveldar som i går kveld så tek dei sykkelen og langdevegen fatt. I går kveld gjekk turen først rundt bygda om Bruset, og så vidare utover strandavegen til rasteplassen. Tilsammen rund 20 km totalt – og passeleg kveldstrim.
Les heile saka
Det er enno ein del månader igjen til elgjakt med gevær, men Ingri Bruset har klart å få inn eit blinkskot med kameraet av skogens konge. Og no er bilete kåra til det beste bilete i april. Vi gratulerer!
Les heile saka
Måndag kveld hadde brannlaget i Todalen brannøving med funksjonstest på utstyret. Det har etter kvart vorte tradisjon at brannlaget i Todalen kombinerer vårens brannøving med å spyle og reingjere plassen mellom fabrikken og butikken til 17. mai. Det er faktisk viktig at utstyret virkar når det verkeleg gjelder, og det vart testa ut måndag kveld.
Les heile saka
Surnadal Demensforening og Helselag minner om turen sammen med treffast-gjengen: Onsdag 15.mai går vi til Treffasthytta. Den ligger et lite stykke opp i Skeisnebba. Oppmøte ved Frivilligsentralen kl 12, så kjører vi samlet. Ta med nistepakke. Fint å spise lunsj ute i finværet, med den flotte utsikten.
Les heile saka
Søndag 19. mai, første pinsedag frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Slettneset steinovnsbakeri til open kafe i Slettneset. Vêrmeldingane er for søndagen, er førebels ganske bra med grei temperatur, så da blir det mogleg å ta føre- eller ettermiddagskaffen i slettneset første pinsedag.
Les heile saka
Det har etter kvart vorte ein tradisjon med open dag og servering på Todalshytta på 17. mai. Grunnlovsdagen nærmar seg fort, og på Todalshytta har dei alt plana klar med ein 3-retters meny som er designa for 17.-mai, seier Arve Evensen til Todalen.no.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur torsdag 16. mai klokka 11:00. Stavgangturen denne gongen går til Haltbakken.
Les heile saka
I kveld hadde Todalen bøgdalag inviterte til ryddedugnad for å rydde vegkantane til Nasjonaldagsfeiringa. Ti personar møtte opp for å vere med. Det vart delt opp fire ryddelag som rydda alle vegkantane på kvar si side, frå Bordholmen stadion og opp til gammelfabrikken i Brusetmarka, inkludert Pilskarvegen
Les heile saka
I juni starter Surnadal jeger- og fiskerforening med nybegynnerkurs for ettersøkshunder. Kurset går over to kvelder, og er åpent både for medlemmer og ikke-medlemmer som ønsker å delta. Bla videre og les mer om påmelding og oppmøte:
Les heile saka