Seniorlandslaget i randonee har World Cup-avslutning i Villars i Sveits denne helga. I dag var det sprint som stod på programmet, og heile landslaget stod på startlista i prodlogen. Det vil seie Sander Engdal, Erik Kårvatn, Trym Dalheim Lødøen og Hans Inge Klette i herre senior og Ida Waldal einaste norske i dameklassen. Total var det 79 deltakarar i herreklassen og 62 i dameklassen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Saniteshuset laurdag 5. april frå kl. 13:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid!
Les heile saka
Tysdag 8. april klokka 19:00 inviterer Surnadal bibliotek til forfattarmøte med Ragnhild Lund Ansnes, der ho vil fortelje om den siste boka si «Klopps Liverpool», som ho gav ut hausten 2024.
Les heile saka
Det siste året har det vore «full puss» utvendig på huset som no tilhøyrer Talgø. Det var Erling Talgø (sr) som bygde husa her i 1955 – og Erling og Aslaug budde her så lenge dei levde. Seinar har husa vore leigd ut til tilsette på Talgø. Det vart etter kvart bhov for ei oppgradering utvendig, og det arbeidet har pågått det siste året.
Les heile saka
I Hageland Surnadal er julepynten og vinteren forlengst rydda unna, og dei siste vekene er bruka til å førebu vårsesongen og uteaktivitetar. Våren og forsommaren er den travlaste tida på Hageland og det er mykje som skal på plass. I år er faktisk påska så seint ute at det blir ein uvanleg kjapp og hastig overgang.
Les heile saka
Vårt medlem Atleta, som er lokalisert i Landbrukshuset på Skei i Surnadal, har sendt oss ein oversikt over kva treningstilbod dei kan tilby i påska i år. Nedanfor kan du lese meir om Atleta sitt treningstilbod i påska:
Les heile saka
Bibelen har inspirert til musikk i over tusen år. Koret P17 inviterer til bibelsk song og kåseri i Åsskard-kyrkja onsdag 2. april.
Les heile saka
Fredag 4. april klokka 12:00 inviterer Surnadal bibliotek til gratis «lunsjforedrag» med forfattaren Marte Heian-Engdal på Surnadal bibliotek. Foredraget tek utgangspunkt i Engdal si bok «Et Gaza-liv».
Les heile saka
På den kommunale Ansnesvegen – rett utafor Todalsøra – er det eit synkehol i vegen. Det ligg midt på vegen ved Innerbaugen, og kan være skummelt både for bilar og syklistar – og ikkje minst for fotgjengarar.
Les heile saka
Meir tørrvittig finsk humor, kombinert med grå kvardagsrealisme, i filmklubben på onsdag. Filmklubben viste finske Aki Kaurismäkis siste film, «Høstgule blader», i haust, og trass i ein solid dose traudig innhald, slo filmen godt an. Difor blir også Kaurismâkis nest siste film, «Den andre siden av håpet» frå 2007 vist vist det onsdag 2. april klokka 12:00
Les heile saka
– Til gagn og glede for eiga grend og grannelag og fjerne land og folkeslag … Same kvar dei kom i verda, var todalsfolket med på ferda. Samanhengande aktivitet i 180 år – nordmørsrekord? Todalen Misjonsforening markerte jubileum i fullsett Eidet Bedehus laurdag.
Les heile saka
Sokneprest Pål Arne Winsnes ga uhemma skryt for salmesongen under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje. Eit førtitals tilhøyrarar stod for samlesongen saman med ei gruppa frå P17-koret som deltok som forsongarar. Dagens gudsteneste vart TV-overført via YouTube, og dersom du vil sjå gudstenesta kan du berre gå til linken her.
Les heile saka