Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Til topps i tynn luft i Puy-Saint-Vinsent i Frankrike

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. mars 2025

I dag starta juniorverdenscupen i Puy-Saint-Vinsent i Frankrike.  Juniorlandslager har vore på plass for å aklimatisere seg.  Det ser ut som løparane har klart å tilpasse seg til tunn luft, for Aron viste sine kvalitetar og ginn inn på beste tid i finalen i klasse U18 men, dermed sikra seg seier.  Isak måtte melde sjukdomsforfall i dagens løp, men Hampus Tronvoll var nest beste nordmann i klassen med ein 12. plass .

Les heile saka



Nok ein suksess for «næringslivsdagen»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 25. mars 2025

Tysdag inviterte SpareBank 1 Nordmøre til den tjueførste «næringslivsdagen». 220 deltakarar hadde meldt seg på årets utgåve, og dei fekk ein innhaldsrik og interessant dag der bakteppet hos dei fleste foredragshaldarane sine innlegg hadde eit alvorsprega bakteppe, både politisk og økonomisk. 

Les heile saka

Møbel-Fiske vinnar av «Utviklingsprisen» 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 25. mars 2025

Under SpareBank 1 Nordmøre sin, etter kvart, tradisjonsrike næringslivsdag i Storstuå på Surnadal kulturhus, vart Møbel-fiske/Fagmøbler Surnadal tildelt SpareBank 1 Nordmøre sin gjeve «Utviklingspris» for 2024.

Les heile saka

Nye eventyr på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. mars 2025

To norske filmar, ein «skikkeleg» klassikar og ein klassisk teiknefilm som er komen som spelefilm, er det Surnadal kino kan freiste med denne veka. Så her er det noko for ein kvar smak og dei fleste aldrar! 

Les heile saka

Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. mars 2025

Fredag 28. mars frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard på nytt til ope bakeriutsalet. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til «helgakaffen». 

Les heile saka

Inviterer til «felles middag» onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. mars 2025

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 26. mars klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir det servert fiskekaker med poteter, råkost og løkfeite.

Les heile saka

Todalshytta – årets aller første balldag

Jon Olav Ørsal Sundag 23. mars 2025
Da har Lort Phillip gjort klar storstua for årets første balldag, skriv Arve Evensen i ei pressemelding frå Todalshytta.  Tysdag 25. mars er kjøkkenet ope i tidsrommet 15:00 til 18:30. 
Som vanleg blir det servert både sildball og potetpall med tilbehør – bestill gjerne på SMS 929 97 550 – også takeaway! 
Velkomne til premiere på ny ballsesong!
 


Førebur neste vinter – god vedtørk utover våren

Jon Olav Ørsal Sundag 23. mars 2025

Bjørn Kvendset er i full gang med produksjon av brennved til neste fyringssesong.  Med spilder ny vedmaskin og nytt lagerbygg har han full kontroll på neste sesong.  Bjørn har mange vedkundar som skal ha leveranse til neste sesong og har alt produsert over hundre storsekkar – og fleire skal det bli.

Les heile saka