Det kjem kanskje litt overraskande på at laksesesongen både startar tidlegare og sluttar seinare enn det har gjort dei siste år – sesongen bli 4 veker lenger. Laksefisket startar 1. juni og sluttar 31. august – altså same tid som i Surna.
Men når det er sagt, så går vi nok inn i ein sesong som er sterkt prega av lovkrav og strenge reguleringar. – Det er nemleg mørke skyer i horisonten for villaksen, og vi får kanskje oppleve ein svært krevjande sesong.
Les heile saka
Da Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest i dag på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje, låg skodda midt ned i Knyken. Men det skremde ikkje dei 23 frellvandrarane frå å stille opp, for i går var det «utanriksfart» til Fløystadfjellet i Tingvoll kommune. – Kanskje rart å køyre og ta ferge for å kom på fjelltur når vi bur meste i Trollheimen, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.- Men det er artigt å sjå naturen litt lenger i uti fysnå og, legg han til.
Les heile saka
Det er no over 120 år sia dei første «lakselordane» kom til Todalshytta første gong – hytta vart bygd i 1901, og tok nok imot dei første gjestane året etter. No er eng3elskmannene på veg inn igjen – i år er det engelske laksefiskarar som dominerer bookinglista, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta på 5. året. Dei første engelske laksefiskarane budde på hytta i fjor sommar, og dei likte det dem såg på Todalshytta og i Toåa. Dei fall for plassen, og har booka 80-90 % av kapasiteten på hytta i d3eler av sesongen. Mange argument talar for at dei skal trivast med å gå langs Toåa med fluestanga – det er fine hølar, ro og stillheit og passe stor elv for flugefiske.
Les heile saka
Vil du vite meir om Svinviks arboret? Bli med på ei vandring i hagen, og lær om historia og plantene i arboretet. Omvisinga varer i ca 35 minutt.
Vi opnar kafeen for sal av kaffe, is og kald drikke i tilknytning til omvisinga, ein halvtime før og ein halvtime etter.
Les heile saka
Når Hønhalsen har gått av er det klart for bading. I føremiddag skjedde det, og no ligg det altså til rette for å starte badesesongen på «legalt» vis. Det var Ingri Bruset som var kjapp på avtrekkaren da ho oppdaga at Hønhalsen hadde gått av, og ho lura sjølvsagt på om dette er rekordtidleg.
Les heile saka
Torsdag 30. mai klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny stavgangtur. Denne gongen går turen til Leikaren,
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag inviterer til HJARTEMARSJ måndag 3. juni kl. 18:00. Oppmøte og parkering ved Søyabanen, Kvanne.
Les heile saka
Som kjent, så fekk Toåa tursti «vaska» bort ein del av toppdekket på delar av turstitraseen under uvêra vinteren og hausten 2022. I dag har Carsten og driftsleiar i Toåa tursti, Ivar lagt på nytt toppdekke på dei plassane der uvêra i 2022 vaska dette bort. Det var Per E. Gjeldnes maskin som leverte og lasta grusen.
Les heile saka
For Knut er det viktigast å få til god stemning. I helga har han vore pizzakokk på Hageland – både laurdag og søndag har han baka pizza og delt ut folk både på veg inn og ut frå Hageland i Surnadal. Og Knut han fekk skryt for sine gode og nysteikte pizza, som kom rett frå sin vedfyrte steinomn.
Les heile saka
Sol og varmt, grønt og frodig – mai har vore ein finversmånad.
Les heile saka
Svinviks arboret inviterer omvisning i hagen onsdag 29. mai. Start kl. 12:00. Fagansvarleg Katarina Bladh er omvisar.
Les heile saka
Fredag 31. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal i Lia. Her blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og noko godt til helgakaffen!
Les heile saka