Surnadal kommune, teknisk drift, er i gang med oppgradering av Bjøråa vassverk. Vassverket får no eige straumagregat for sikring av vassleveransen, og agregatet vil få eit eige hus som eit tilbygg til den tekniske installasjonen. I dag er teknisk drift i gang med å sette opp eit elementbygg som altså skal huse agregatet.
Les heile saka
Todalen elveeigarlag og Todalen bøgdalag har starta arbeidet med å finne ny lokalisering for campingplass i Todalen.
Les heile saka
Har du det travelt og skal nå eit eller anna, så kan du rekne med at du får ein lita overrasking og litt ventetid. I Svinviktunnellen foregår det torsdag kveld tunnellvask, og det er manuell dirigering av trafikken – og bruk av følgebil.
Les heile saka
Torsdag 13. juni 2024 tok Stavgangerane turen til Kavlvegen i Surnadalen. Da vi kom til Parkeringa hadde 27 folk møtte opp.
Les heile saka
Surnadal kunstforening inviterer til «kunstnatt» fredag 21. juni frå klokka 19:00. Det heile tek til med todalingane Toril Redalen og Siri Skjerve i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Toril og Siri vil her fortelje om og vise bilete frå
samarbeidsprosjektet «Line Made by Walking».
Les heile saka
P17-koret trekte fullt hus til sommarsongkveld i Todalen ungdomshus. Koret brukar å samlast til ein songkveld når dei har sesongavslutning, og onsdag kveld inviterte koret todalingane på sommarsongfest – og todalingan kom og jammen vart det ein triveleg kveld med mykje song og musikk. Her var det både korsong og allsong med melodiminner og utdrag frå kabaretar som koret har jobba med tidlegare. Dirigent Bernt Bøe hadde henta fram at både «Seterkabareten» og kabareten «Med segl og Wickmann» og presenterte eit utdrag i kveld. Vidare var det både song, kaffelag og utlodding.
Les heile saka
I treningsstudioet Hett & Svett har det pågått oppgradering av utstyr den site tida. 3 flunkande nye apparat er montert og snart klare til bruk. Dei siste par dagane har Ola Talgø, Anders Mo og Anders Todalshaug studert engelskspråklege monteringsanvisningar og sett sammen apperata som no er kjøpt inn.
Les heile saka
Det har vore mange og store oppslag i media om togbussen mellom Sunndalsøra og Oppdal. Ved budsjettbehandling på fylkestinget kom det forslag om å legge ned dette tilbodet, begrunna med lite passasjertal på strekninga. Dette kom det sjølvsagt mange reaksjonar på, og i ei tid der vi pratar om, og planlegg «det grøne skiftet» så er det naturlegg at slike forslag skaper reaksjonar.
Les heile saka
Tysdag gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Ranessetra. Vêrgudane varta ikkje opp med det beste vêret. – Vi var ei lang rekkje som starta oppover mot salen, og veret var knapt halvbra, men vart ikkje verre heller, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
Les heile saka
På sitt styremøte måndag kveld, vedtok Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank å tildele kroner 75.000 til Todalen Idrettslag sitt nye nærmiljøanlegg på Bordholmen stadion, som er under bygging. – Dette var berre heilt fenomenalt og noko vi verkeleg sett stor pris på, seier ein særs nøgd leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme.
Les heile saka
Frå og med laurdag 15. juni blir det nye opningstider på Surnadal kulturhus. Kulturhuset vil frå laurdag bli ope frå klokka 07:00 – 22:30 kvar einaste dag, inkludert laurdag og søndag. Frå same dag blir det også endringar i opningstidene på Surnadal bibliotek, noko som har samanheng med ferieavviklinga.
Les heile saka
Norsøk på Tingvoll har saman med Surnadal kommune starta eit prosjekt der dei skal forske på kvifor sau og lam forsvinn eller døyr på sommarbeite. I samband med dette har Norsøk sendt ut litt informasjon om kva bønder og turgåarar skal gjere dersom sau og lam forsvinn eller dersom ein finn daude sauer og lam.
Les heile saka