Direktoratet for naturforvaltning har no gjort ei vurdering av aktuelle tiltak for laksefisket i elvane. Av dei 33 elvane som vart steng for alt fiske så vil 16 elvar kunne gjenopne for eit begrensa fiske, dei øvrig 17 elvane vil framleis være stengt. Lokalt gjelder det Surna og Eira som altså fortsatt må halde stengt.
Les heile saka
Surnadal kommune har mange gratistilbod for barn og unge også i august, nærare bestemt i veke 33 (12. – 18. august). Påmeldingsfristen for desse aktivitetane er torsdag 18. juli klokka 15:00!
Les heile saka
Fredag 12. juli klokka 12:00 – 17:00 og laurdag 13. juli klokka 11:00 – 16:00 er det ope bakeriutsal hos Lia gard. .
Les heile saka
Torsdag 25. juli frå klokka 18:00 inviterer Stangvikfestivalen i samarbeid med Todalen Idrettslag til Operakveld i Todalen ungdomshus.
Les heile saka
Michal Heimlund, som er dageleg leiar ved Talgø Bygg AS, minner om at det kan være forbundet med stor fare å bevege seg inn på industriområdet attafor fabrikken på Kvendset. -Vi har eit stort ansvar for å handtere strenge HMS-reglar både inne i fabrikken og utafor på den utandørs lagerplassen. Derfor er adkomstvegen steng med ein bom, og skiltinga skal ikkje være til å misforstå: «Industriområde: uvedkommende ingen adgang».
Les heile saka
I helga har det vore full gass på motocrossbanen i Ranheimsvingen på Kvanne. Polaris Nordmøre Motorsport har samla 18 deltakarar i alderen 11 – 40 år til treninsgssamling. Til instruktør hadde dei hyra inn Niclas Løken frå Bud – ein skikkeleg racer i motocrossmiljøet, som hadde mykje å lære frå seg. Deltakarar frå heile Midt-Noreg – frå Namsos i nord og heilt til Vigra på søre luten.
Les heile saka
I ei pressemelding frå IK Start i Kristiansand, blir vi informert om at fotballspelaren Fabian Ø. Ness, sonen til Leif Arne Ness, går frå IK Start i Kristiansandog til B36 Tórshavn på Færøyane. Dette etter at IK Start og B36 Tórshavn har kome til semje om ein overgang for Fabian.
Les heile saka
Det har vore mykje dramatikk i etterkant av stenginga av 33 norske lakseelvar den siste tida. Toåa har ikkje vore omfatta av stenginga, men det har derimot Surna og Søya her i nærområdet. Den siste tida har det vore lakseteljing i elvane – i Toåa har det vore to i eigen regi av stamlaksgjengen og ei i regi av Skandinavisk Naturforvaltning (på oppdrag frå Lerøy). Fredag ettermiddag deltaok Stig Husby på timesmøte saman med Direktoratet for Naturforvaltning, NINA, Statsforvaltaren I M&R og Norske Lakseelver.
Les heile saka
Ragnhild Lund Ansnes, som er gift med surnadalingen Jostein Ansnes, og som saman med han driv hotell TIA, rett ved Anfield Road i Liverpool og reisebyrået Liverpool Adventures, er no i Surnadal. Der er ho i full gang med å skrive bok om Liverpool FC sin nyleg avgåtte manager, Jürgen Klopp.
Les heile saka
I eit av albuma med samling av avisutklipp i stua på Sanden på Smøla, var det eit interessant minne for todalingar. Avisutklippet er frå 10. juli 1975 og handlar om fotball.
Les heile saka
Årets busstur for historielaga i Todalen og Stangvik gjekk til øyriket Smøla. Smøla kommune består av 6000 store og små øyar! Fastsmøla er største øya, og høgste punktet på øya er Nelvikberget som ragar 63,6 moh! Smøla har 1/3 av kystlina i Møre og Romsdal og er største øya i fylket!
Les heile saka
Laurdag 13. juli frå klokka 18:00 inviterer Stangvik Grendalag til sommarpub i Bryå i Bondehuset i Stangvik. Grendalaget har bestilt sol, slik at drikken kan nytast i solveggen på den nye uteservering ved Bondehuset. Her er det flott utsikt utover Stangvikfjorden.
Les heile saka