Komande laurdag kl 17 er det duka til stor finale i årets sjakkturnering. Denne turneringa har pågått i Kaffekroken på Halsbua på etterjulsvinteren, og no er det for lengst klart kven som skal møtast til finale sluttspel i Ungdomshuset – I gullfinalen møtes Amund Talgø og Kristoffer Nordvik, medan bronsefinalen står mellom Brage Hauglann Talgø mot Bernt Venås. Her blir det nok spenning frå første stund, og sjakkgjengen oppfordrar publikum til å kome på finalen.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag skal ha medlemsmøte 25. april kl 1500 på sjukeheimen. Det blir song og musikk, kåseri ved Torbjørn Brøske, utlodning og servering.
Vi ønskjer alle vel møtt!
Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er allerede i morgon mellom klokka 17 og 20 i Sanitetshuset.
Les heile saka
I påskehelga har det vore full aktivitet på Surnadal Golfklubb sin bane på Kvanne. Påskelaurdag var det rekordtidleg sesongstart med påskescramble. Medan det 2. påskedag var dugnad for å grøfte til kablar og å få på plass «hus» til dei nye robotklipparane som er bestilt.
Les heile saka
Omsorgsberedskap Todalen sanitetsforening inviterer bygdafolket til ny middagsservering i sanitetshuset tirsdag 25.april kl.13.00.
Les heile saka
Heller ikkje i år var det nokon som greidde å løyse årets krimgåte. Muleg spora var for små, men tilbakemeldingane vi har fått er i alle fall at underhaldningsverdien har vore stor!
Les heile saka
Ein liten hjortsafari rundt bygda i 22-tida måndag avslørte at det er stor aktivitet rundt vegkanten. Vi tok en runde rundt bygda og ein avstikkar til Brusetmarka, og gjorde 5-6 observasjoner av hjort på vegkanten under denne runden.
Les heile saka
Dette har hendt: Ja kva er det ikkje som har hendt dei siste dagane? Det einaste som står att no er at vi får svar på om Sigrid Vangen + Sterk-Ola = sant.
Les heile saka
Festdag for Live Svinvik som vart båren til dåpen under friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag. Litt nysnø som kom natta før var forsvunne som dugg for sol, og folket kosa seg i finvêret.
Les heile saka
Det har vore driftsstans på rute 46 Kvanne – Rykkjem sia 18-tida, men frå kl 23.00 blir det normal drift, melder Fjord1.
Det var såpass kaldt på toppane i dag at det var puddersnø, og dermed topp forhold i Bjøråskaret i dag, fortalte Mari og Sondre da vi trefte dei ved Innerdalsmerket som var start- og målpunkt for deira tur. Det var i ettermiddag 10-12 bilar på parkeringsplassen, og dermed ikkje den heilt store utfarten
Les heile saka
I dag har det vore sol frå blå himmel, og ypparlege forhold for toppturar. Men eit godt alternativ er det jammen å møte våren og etter kvart sommaren i bygda – og for eksempel på Tjønnmyra. – Den nye gapahuken på Tjønnmyra er populær og i dag var det stor aktivitet både i gapahuken og rundt omkring. Det var full fyr på grillen og bakelspressa gikk for fullt.
Les heile saka