Etter å ha hatt ein lang sommarferie, startar «Kaffekrokens venner» oppatt med trim på Hett & Svett måndag 12. august klokka 10:00. Etter trimmen blir det servert bakels med graut kan Kjell Gunnar Polden fortelje.
Les heile saka
Etter å ha hatt ein lang sommarferie, startar «Kaffekrokens venner» oppatt med trim på Hett & Svett måndag 12. august klokka 10:00. Etter trimmen blir det servert bakels med graut kan Kjell Gunnar Polden fortelje.
Les heile sakaOnsdag 31. juli blir det storstila feiring på Matkroken Todalen – eller Halsbua i daglegtale. Da har handelsmann Nordvik sin siste arbeidsdag som kremmar og da er det dagen for Jorid H. Ansnes til å ta over drifta. Terje N. blir da pensjonist på heiltid etter 58 år som enten medeigar eller drivar og denne dagen inviterer han altså heile bygda og fleire til på kaffelag.
Les heile sakaÅrets Stangvikfestival let oss fråtse i kulturopplevingar. Laurdagens kyrkjekonsert låg på øvste hylle. Festivalens utøvarar er kvar for seg på landslagsnivå. Når dusinet av dei samlast og formidlar musikk i verdensklasse, er det ei stor gåve å vera mottakar. Mange nytta sjansen i Stangvik-kyrkja.
Les heile sakaTodalsven og Nordvikgardingen Odd Arild har sendt oss ein liten turrapport. Han og svogeren Stein gjekk torsdag turen frå Innerdalsmerket via Bjøråskaret over til Innerdalen og ned til Nedalen.
Les heile sakaVi har fått eit reisebrev frå Team Karen Johanne Talgø og Kjell Gunnar Polden som har køyrt Aursjøvegen. Det vart ein kortreist, vill og vakker tur. Reisebrevet kan du lese nedanfor:
Les heile sakaTorsdag kveld var det «tjuvstart» på Stangvikfestivalen med operakveld i Todalen ungdomshus. Det er kvar dag du finn operasolistar av internasjonalt kaliber på scena i Todalen ungdomshus, men vi som var der i går kveld fekk ei oppleving av dei sjeldne.
Les heile sakaDen 1. august tek Mari Redalen skrittet og går over til butikkjobb på Matkroken Todalen. Ho har alltid hatt eit ønske om å jobbe på bua, no fekk ho sjansen. Ho har spurt Terje om butikkjobb fleire gong – men det har aldri passa, og ho har fått nei.
Les heile sakaI går kveld opna Stangvikfestivalen med fullsett opningskonsert med Trygve Brøske, Marianne Meløy og fleire på Bøfjorden sjøbruksmuseum i Bøfjorden. I kveld er det Operakveld i Todalen ungdomshus klokka 19:00 (dørene opnar klokka 18:00). Etterpå er det Halvliter og Kjellarmusikk på Bryå ved Bondehuset i Stangvik klokka 21:30.
Les heile sakaEin seterdal starta som eit samarbeidsprosjekt mellom menneske og naturen. Ei dyrka sameksistens, ein felles eigendom forma av dei som har levd før oss. Kvennsetdalen er ein gammel seterdal som lik fleire kulturlandskap gror att, men no er det igangsett ein skjøtselsplan for seterstølane Kvennsetsetrin og Markastua. Sist laurdag var det dugnad for å starte arbeidet med å rydde fram kulturarven.
Les heile sakaDet har vore generasjonsskifte i hønehuset i Pestua. Det gamle innsettet med verpehøner var uttjent, og nye er komne til gards. No nærmar det seg starten på verpinga, og dei aller første kjuklingegga er alt komne og snart er det full produksjon igjen. Og full produskjon, det er ca 7.500 egg pr dag – ett egg pr verpehøne.
Les heile sakaTorsdag, fredag og laurdag inviterer Lia gard til sommarope bakeriutsal. Torsdag 25. juli er utsalet ope klokka 12:00 – 16:00, fredag 26. klokka 11:00 – 16:00 og laurdag 27. klokka 11:00 – 15:00. Så har ein lyst på noko godt til kaffen no i sommar, så er det berre å ta turen til Lia gard!
Les heile sakaStangvikfestivalen blir arrangert kvart partalsår. Årets festival blir arrangert frå onsdag 24. juli til og med søndag 28. juli. Bondehuset i Stangvik er hovudbasen for Stangvikfestivalen, men både Bøfjorden og Todalen får besøk av festivalartistane. Kunstnarisk leiar Sigrid Vetleseter Bøe og styret i Stangvikfestivalen har også i år fått laga eit velfylt og variert program med høg kvalitet.
Les heile saka