Det kom slett ikkje soms på, men likevel vart det litt uvant med regnvêr igjen. Slutten på veka som gjekk var kanskje sommarens finaste helg, med rikeleg med sol og med skikkeleg sommartemperatur til langt på natt. Ein kjempefin kveld vart det, med Thaiaften på Todalshytta og det var mange som nytta høvet til å nyte sommarkvelden i fullt monn. I helga har faktisk gradestokken vore ganske så nær 30-talet.
Les heile saka
Før juli er over held vi litt fast på juni med å kåre månadens bilete av dei innsendte bidraga til dagens bilete. Klikk deg inn og stem på din favoritt.
Les heile saka
Utvida Bekkerhagan Badeklubb har meldt inn badetemperatur på heile 20,5 grader i Båthølen i dag, og med det ryddar todalen.no sjølsagt framsida for å få plass til denne viktige folkeopplysningssaka.
Les heile saka
Midt i gardstunet på Nytrøa – midt i mellom fjøset og våningshuset har Elisabet Marie Aas bygd seg målarverkstad. Elisabeth er egentleg godt etablert som billedkunstnar, for ho har halde på med dette heilt sia slutten av 1990-talet. Ho hadde faktisk si aller første utstilling her i Todalen, der ho stort sett presenterte motiv frå Todalen – utstillinga kalla ho «Todalen i mitt hjerte»
Les heile saka
Han kjem frå Hampshire i England og driver butikk med sal av utstyr til fluefiske. Han var i Todalen for første gong i fjor – på prøvefiske i Toåa. No i år har han vore på Todalshytta ei veke, og har landa tilsaman 6 sjøaure og 4 laksar – den største laksen på 8,1 kg tok han torsdag, like før midnatt. Alle 10 er gjenutsatt.
Les heile saka
Det vart blink både med vêret, maten og stemninga da Todalshytta inviterte til Thaiaften fredag kveld. I den fine sommarkvelden var det mange som var nysgjerrige på Thaimatbuffen som Todalshytta gourmetkjøkken diska opp med.
Les heile saka
Dagros, eller kva ho no heiter, kan takke moderne teknologi for at ho er i live. Eit trettitals ungdyr og tørrkyr går på fjellbeite i Romådalen. Dei er utstyrt med Nofence, som er ein slags elektronisk bjølle, der ein kan definere eit virtuelt gjerde for krøttera. Det blir da definert eit område som dei må halde seg innafor – kjem dei utom så får dei eit lite støyt og eit lydsignal.
Les heile saka
Frå starten av fisket 1. juni og fram til i dag er det teke 19 fiskar i Toåa, viser laksebørsen på Elveguiden.no. Det var dårleg i starten, men etter kvart teke seg opp den siste tida. Laksebørsen fortel at det er teke 12 laksar, 6 sjøaure og 1 brunaure. Det er 1 storlaks på 8,6 kg, og snittvekta for laks er 3,5 kg, medan snittet for sjøaure er 2,7 kg. Alle sammen er sette ut igjen, og får dermed ein ny sjangse i livet.
Les heile saka
Ho heiter Ester Irene, delvis oppattkalla etter oldemora Irene Gjeldnes ( f. 1920) frå Oppistua på Gjeldnes. Ester Irene er på ferie med søsken og foreldre på hytta i Todalsstranda. Faren hennar, Anders, er son av Synnøve Gjeldnes Myklebust og Steinar Myklebust.
Les heile saka
Elisabeth Aas bor det meste av sommarhalvåret i Aas-hytta i Sissigrenda på Kvendset. Tidligere hadde ho atelier og gallei i Trondheim, men det vart lagt ned for noen år siden. Nå har ho atelier i tunet på Nytrøa hos Anders Mo. Lørdag 20. og søndag 21. juli inviterer, Elisabeth til åpent atelier. Både lørdag og søndag er det åpent mellom 14-17. Bla videre, så kan du lese hva Elisabet skriver om sitt liv og virke som kunstner.
Les heile saka
Todalshytta inviterer alle som har lyst på god mat til eke thaiaften fredag 19. juli. Det blir servering fra kl 17:00 og utover. Thaibuffet med mange smakfulle retter – spis så mye du vil til fast pris 349.-. Fra kl. 19 blir det underholdning med levende musikk. Kom og nyt god mat og drikke, oppfordrer Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. Alle er velkomne! Vi tar gjerne mot påmelding på telefon/SMS 929 97 550.
Les heile saka
Det langvariege finvêret vi hadde i mai sette fart på modninga av hagebæra i våre hagar. Dei siste dagane har både hagebringebæra og villbringebære kome for fullt, og er no klare for innhausting.
Les heile saka