Stangvik historielag inviterte til tur etter Kavlvegen laurdag 24. august. Heile 35 personar var med på vandringa frå Åsen etter Kavlvegen og opp til kvilebua ved Lomtjønna. Oddvar Kvande og Erling Myrbostad var dyktige og engasjerte historieforteljarar.
Les heile saka
Søyacupen 2024 vart arrangert på Søyabanen laurdag, og med 81 påmeldte lag og mellom 5700 og 600 spelarar, så var årets utgåve av cupen den største som nokon gong har vore arrangert. Som vanleg var trivselsfaktoren høg, og det bittelille regnet som vêrgudane varta opp med mot sluttten greidde ikkje å endre på dette.
Les heile saka
Fredag ettermiddag arrangerte Surnadal demensforening og helselag «Sensommerfest» for beboerne på Surnadal sykehjem. Med usikker værmelding så ble både telt med varmeovner og peisestue ble tatt i bruk for å få plass til rundt 70 som møtte opp, forteller leder i demensforeningen Liv Botten som har sendt oss bilder fra arrangementet.
Les heile saka
På Surnadal kommune sine heimesider, kan vi lese at Surnadal kommune og Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) fredag signerte ein avtale avtale om drift av eigedomen Vaulen på Nordmarka. Det var ordførar Hugo Pedersen og leiar i SJFF Turid S. Eggen som signerte avtalen.
Les heile saka
Søndag tek kyrkja i Surnadal imot Pål Arne Winsnes som ny prest og Amund Valde som nytilsett organist. Begge fyller langvarige tomrom.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterte torsdag til stavgangtur til Sjøasetervatnet. Elleve stavgangarar møtte opp for å vere med på turen til Sjøasetervatnet.
Les heile saka
I samråd med familien vil Skulstuå laurdag 14.september 2024, markere at det er 100år sidan Alf Ramsøy vart fødd. Alf var fødd 1924 og døydde i 2014. Det vil bli eit allsidig program og aktivitetar for alle, med tilhald i Skulstuå, Todalen skule og omegn. Sett av datoen, meir detaljert info kjem, skriv Skulstua […]
Les heile saka
Kveldens trimtur til Toåa tursti avslørte at det var eit eller anna som foregikk ved eit av borda som er utplassert attmed gapahuken i Båthølen. Med PC’n på bordet og kaffekanne for traktering skjønte vi at det var møte på gang.
Les heile saka
Laurdag 24. august er det klart for årets utgåve av Søyacupen på Søyabanen. Med 83 påmeldte lag og rundt 2000 spelarar i alderen 6 – 12 år, er årets utgåve av Søyacupen den største som har vore arrangert gjennom alle tider fortel arrangøren. Så da er Søyabanen rette plassen å dra til for alle fotballinteresserte på laurdag!
Les heile saka
Laurdag 24. august klokka 11:00 inviterer Stangvik historielag til historisk vandring etter Kavlvegen. Oppmøte og parkering på parkeringsplassen på Åsen.
Les heile saka
Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Garbergbjellet i nabokommunen Rindal. Og rapportane frå turen tyder på at det vart ein fin tur, sjølv om det låg litt regn i lufta, for for dei tjuefire fjellvandrarane. Dei hadde fått med seg Inge og Odd Inge som kjentmenn.
Les heile saka
Har du, eller nokon du kjenner, lyst til å lære å spele golf? Eller få ein liten «smak» av golfsporten? Da har du sjansen helga 13. – 15. september, for da inviterer Surnadal Golfklubb til årets siste VTG-kurs («Veien Til Golf») på golfbanen på Mo.
Les heile saka