Rhododendronblomstringa i Svinviks arboret har stått i rå dei siste par vekene, seier musemsgartner Patrick Nilsen. – For eit par veker sia lag vi an til tidleg blomstring, men det har vore surt og kaldt, så da stoppa det opp. No ser det ut til å bli meir varme, og vi vil nok merke at blomstringa skyt fart dei neste dagane.
Les heile saka
Onsdag kveld var det vårdugnad på skuleområdet ved Todalen oppvekstsenter. Her har nemleg Todalen Elveeigarlag og Todalen bøgdalag inngått leigeavtale med Surnadal kommune for å ha campingplass.
Les heile saka
Etter regnvêr i vekesvis er det endeleg ein opning for at det kan bli duggfritt igjen. Onsdag ettermiddag dura det i plenklipparar rundt heile bygda – forl har no gått og venta på finvêr og duggfri plen, og graser har etter kvart vorte langt på fleire plassar.
Les heile saka
Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal inviterte til sesongopning med tur til nabokommunen Rindal og anlegget rundt Igltjønna. Tjueto spreke medlemmer møtte opp og vart med på seesongens første tur.
Les heile saka
Todalen sanitetsforeninga startar no salg av lodd på tre fine akvarellar av Hilde Karlsen. Dette er årets kunstlotteri, og trekking av bileta blir på årsmøtet i 2026.
Les heile saka
Torsdag 8. mai er det 80 år sidan alle tyske millitære styrkar kapitulerte og la ned våpena, og den andre verdenskrig var slutt i Europa. Dei tre historielaga i kommunen, Nordmøre Forsvarsforening og Surnadal kommunen har gjennom eit samarbeid laga eit fint program for årets markeringar av Frigjerings- og veterandagen ved kyrkjene i Åsskard, Stangvik og Todalen. I Todalen er markeringa klokka 20:00 ved bautaen utanfor kyrkja, og arrangørane oppfordrar folk til å møte opp for å vere med på markeringa.
Les heile saka
Programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen er klart. Programmet tek til med det tradisjonelle biltoget rundt bygda, og blir avslutta med nasjonaldagsgudsteneste i Todalen kyrkje. I staden for tale for dagen, blir det i år historisk bildekavalkade frå Todalen historielag sitt historiske arkiv ved Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe. Tema vil sjølvsagt vere nasjonaldagsfeiringa i Todalen opp gjennom åra og nyare tid.
Les heile saka
Ein månad lengre ut i året, og det er tid for å finne det beste bidraget til dagens bilete i april. Og ikke overraskande hadde månaden både siste rest av vinteren og vårteikn i seg.
Les heile saka
Surnadal/Søya G16 tok måndag kveld imot Eide og Omegn FK til fotballkamp på ein regntung Søyabane. Surnadal/Søya er eit samarbeidslag og består av spelarar fødd i 2009 og 2010 frå heile Surnadal kommune. Søya/Todalen er representert på samarbeidslaget med Sigurd B. Kvendset, Marius Kvande, Erlend Polden, Olav Gjeldnes, Magnar Vikan, Trygve Aleksander Halle og Jens Sancho H. Ansnes.
Les heile saka
Komande fredag er den store pizzadagen på Hageland Surnadal – da er Kjell Arve Vikavoll hyra inn som pizzabakar, og han lover at vi skal få smake litt av kvart frå den vedfyrte pizzaomnen der det mesta er varmare enn i glohaugen.
Les heile saka
Fredag 9. mai, frå klokka 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffekosen til helga.
Les heile saka
Etter ei påske med sol og godver har lågtrykka stått i kø utanfor kysten, og det har regna, sludda og blåse.
Les heile saka