For Rute 46 Kvanne – Rykkjem har Fjord1 sendt ut følgande melding: På grunn av dårlig vær er ruten inntil videre innstilt.
Seinare – i 15.30 tida – er det meldt at trafikken på strekninga er komen i gang igjen, men at forsinkinger kan påreknast.
For Rute 46 Kvanne – Rykkjem har Fjord1 sendt ut følgande melding: På grunn av dårlig vær er ruten inntil videre innstilt.
Seinare – i 15.30 tida – er det meldt at trafikken på strekninga er komen i gang igjen, men at forsinkinger kan påreknast.
Når feiebilen dukkar opp, da er det som eit teikn på at våren er i anmarsj. Torsdag var Mesta ute med feiebilen, og vaska, pussa og støvsuga vegkantar langs FV671 inn til Todalen. Det blir mykje støv og lort i samband med strøing og salting gjennom ein lang vinter.
Les heile sakaStangvik Grendalag arranger Gullkongekveld torsdag 28. mars. Forfattar Svein Sæter fortel om «Gullkongen» Fredrik Bruseth, som drog frå Stangvik til Amerika for å betale på gjelda som faren streva med å handtere.
Les heile sakaIndre Nordmøre Senioruniversitet har møte på Kulturhuset i Surnadal onsdag 27.mars 2019 kl 1100. På programmet står Anne Vognild Einum, som fortel om hobbyen sin og viser bilde under tittelen «Ein farfar i livet – – – «. Kaffe og kake – Billettpris: kr 100 / 150 – og sjølvsagt er alle velkomne!
Les heile sakaStig Husby er styreleiar i Todalen.no på 2. året, og begynner no å bli varm i trøya. Eit lite underskot i 2018 sette eit lite støkk i styreleiaren, og gjer at styret no set i verk tiltak for å sikre årets budsjett og for å legge eit betre økonomisk fundament for framtida. – For ein ting er sikkert, seier Husby, og det er at nyheiter kostar. Det kostar pengar å drive nyheitsformidling, sjølv om det meste av arbeidsinnsatsen har eit sterkt dugnadspreg. No oppfordrar styret i Todalen.no dei 1300 daglege lesarane til å bli med som støttemedlemar – og det kostar ikkje meir enn ein 200-lapp for året!
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 23. mars i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.
Les heile sakaNår søskenpara Hemsing og Larsen slår seg saman, ligg det an til ei gnistrande konsertoppleving i Surnadal kulturhus 25. mars. Dei blir kvar for seg rekna mellom dei ypperste musikarane på sine felt, og summen av samspelet mangedoblar opplevinga, skal vi tru dei som har hørt desse fire før. Måndag vil «To damer, to herrer» presentere eit program som vekslar mellom folkemusikk frå Valdres og Trøndelag til verk av Bach, Ole Bull og deira eigen Gjermund Larsen
Les heile sakaDet er faktisk 195 betalande medlemar i Todalen historielag. Mellom 30 og 40 av dei deltok på lagets årsmøte i Todalen ungdomshus i kveld, og det er jammen bra når ein samanliknar med andre lag og organisasjonar. Todalen historielag er aktivt gjennom heile året, og aktiviserer mange i arbeidet med å samle og sikre bygdehistoria vår.
Les heile sakaPå laurdag er det stor jubileumsfeiring i Bondehuset. Da arrangerer IL Søya sin 100-årsdag med festmiddag og boklansering. Svein Sæter har hatt regien på den ferske jubileumsboka, og vi har fått ein sniktitt i ho, før den store lanseringa på laurdag.
Les heile sakaTodalen idrettslag avviklar sitt årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 27. mars. No er saklista klar, og blir offentleggjort her på Todalen.no. Den inneheld stort sett vanlege årsmøtesaker som årsmeldingar, rekneskap, val, vurdering av medlemskontingenten og driftsbudsjett for 2019.
Les heile sakaTodalen historielag melder at det blir årsmøte i Ungdomshuset onsdag 20. mars kl. 18.30.
Les heile saka