Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 25. september klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile saka
Haust er kinotid og Seniorfilmklubben inviterer til ellevill bryllaupsfeiring onsdag 25. september. Å, nei, dei skal ikkje til Geiranger. På Surnadal kino er det litt meir alvor, der dei mellom anna viser filmen Quislings siste dager.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. september . Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Eldrearbeidsprisen vart etablert i 2011, og vi lyser no ut etter kandidatar for 2024. Prisen skal gå til person, lag eller forening som har utmerka seg positivt i ulønna eldrearbeid. Send forslag på kandidat til kommunen innan 1. oktober 2024. E-post: post@surnadal.kommune.no Eller send forslaget til Surnadal kommune, v/eldrerådet, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kurs i førstehjelp måndag 23. september kl. 18:00 i Todalen ungdomshus.
Les heile saka
I lengre tid har bekken innafor Tæljestorhaugen prøvd å ta seg ny veg, og vatnet har renne under myra og ned på turistlina. Dette har den siste tida eskalert. Odd Harald Talgø og Kjell Gunnar Polden har planlagt kva som måtte gjerast ei stund, og siste veka har det pågått arbeid for få bekken på rett veg att. Fredag vart dette arbeidet foreløpig avslutta, og nedanfor kan du lese kva Kjell Gunnar skreiv om arbeidet som har vore gjort den siste tida.
Les heile saka
Eldredagen i Surnadal blir markert på Hammerstuene 4. oktober kl. 13.00, melder Surnadal kommune i ei melding til Todalen.no
Fylkesleder i pensjonistforbundet Anne Lise Hessen Følsvik holder foredrag om årets tema.
Les heile saka
Statens vegvesen melder at det blir manuell dirigering gjennom Svinviktunnelen måndag 23. september klokka 12:00 – 20:00. Grunnen til dette er planlagt vedlikehald i tunnelen melder Statens vegvesen.
Les heile saka
Ein sommarleg september har forlenga badesesongen for fleire, i tillegg våre heilårs-badarar. Ved Nordvik er det påvist for høge verdiar av E. coli-bakteriar og rådet er no å unngå bading i fjorden i dette området, skriv Surnadal kommune i ei melding til Todalen.no.
Les heile saka
Torsdag inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Årnestrøa på Årnes. Tjuesju stavgangarar møtte opp i det skikkeleg fine haustvêret.
Les heile saka
Tysdag 24. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Denne går turen deira til Telstadfjellet.
Les heile saka
Tysdag 1. oktober klokka 18:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til førstehjelpskurs i klubbhuset sitt på Nordsida. Eksakt adresse er Nordsida 198. Her får ein lære litt om hva det er lurt å ha med i sekken på tur, korleis ein skal du bruke førstehjelpsutstyret og kva ein skal gjøre om uhellet er ute.
Les heile saka