Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal inviterer til stavgangtur i Svinvikrunden torsdag 5. juni klokka 11:00.
Les heile saka
Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal inviterer til stavgangtur i Svinvikrunden torsdag 5. juni klokka 11:00.
Les heile sakaI dag startar Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt digitale pizzalotteri, der dei loddar ut 5 gavekort på valfri pizza frå YX i Surnadal. Kvart lodd kostar kroner 20,- og kan kjøpast på Vipps 527926. Trekninga skjer fredag 6. juni klokka 20:00, så da kan dei heldige vinnarane eventuelt kose seg med pizza i pinsa!
Les heile sakaBreaking news frå april… i juni! Gratulerer til Anne Søyset, som med det gnistrande biletet På iskanten – 78° nord vart kåra til månadens bilete for april.
Les heile sakaTodalen sanitetsforeninga inviterer til ny kløvertur måndag 26. mai. Oppmøte ved Matkroken Todalen og start derifrå klokka 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaDet er Nordmøre Forsvarsforening som står attafor Krigsminnemuseet på Åsen. Dei har tilhald i den gamle skulebygninga på Eidet, som nok har sett sine beste dagar – det er faktisk berre så vidt at dei enkle vindua held nordvesten og regnvêret ute. Laurdag arrangerte foreninga den årlege dugnaden, og da var det tid for å flikke på den gamle skulebygninga – både utvendig og innvendig.
Les heile sakaNorsk sigar- og lutfisklaug er ein gjeng reiseglade personar frå Møre og Romsdal og Trøndelag, som minst ein gong kvart året møtest for sosialt samvær. Ofte reiser dei også på tur saman, til reisemål både innanlands og i det store utland.
Les heile sakaDenne veka gjekk stavgangturen til Bæverdalen og til Svorka. På grunn av Kristi himmelfartsdag på torsdag, var turen denne veka framskunda til onsdag, og det var vi nok heldige med reint vêrvmessig. Det vart ein fin tur til ein fin plass, og sjølvsagt kosa vi oss med kafferast før vi igjen tok på heimtur.
Les heile sakaTysdag 3. juni inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur, og denne gongen går turen til Klåberget.
Les heile sakaDet er Trollheimen Fjellsportklubbsom står som arrangør og starten går torsdag 5. juni kl 18:00, frå Forsamlingshuset på Nordvik. Løypa er i underkant av 3 km, og går etter vegen opp til inntaket for kraftverket.
Les heile sakaI Halanesset, frå Stormyrhaugen og utover til Skrøå er det stor tømmerdrift i regia av Allskog og Sollid Skog AS. Dagleg leiar Bjørn Kåre Sollid fortel at det tilsaman er 2.600 m3 med grantømmer som skal sages ned og fraktes fram til veg. – Vi har ei utfordring med tømmerdrift i dette terrenget, og det gjeld både hantering av vatnet og med tanke på kor brattlendt det er. Vi ser det i ettertid at det kanskje skulla vore vinsja fram herfra.
Les heile sakaTysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal sine medlemmer og andre på fjelltur til Skarvan. Parkeringsplassen ved Nordviksetra var utgangspunktet for dei tjue fjellvandrarane som vart med på turen.
Les heile sakaLaurdag 28. juni er det Drivacup på Syltøran stadion i Surnadal og laurdagen etter, den 5. juli er det TodalsCup på Bordholmen stadion i Todalen. To tradisjonsrike cupar med ei lang historie bak seg. For spørsmål om TodalsCupen, ta kontakt med Bjørn Gunnar Ansnes på telefon 986 11 707. For påmelding, send e-post til bjorn.gunnar.ansnes@outlook.com
Les heile saka