Talgø brukar Gammelfabrikken og Todalshytta til forskjellig intern møteverksemd, men det hender og at dei blir leigd ut til andre når det høver slik. I dag var det Verneområdestyret for Trollheimen som rådde grunnen, der dei hadde samla administrasjonen og rådgjevande utval til såkalla dialogmøte.
Les heile saka
Måndag 30. september er sesongens siste dag i trimåret 23/24, og «På tur i Todalen 23/24» i Trimpoengappen blir avslutta. Tysdag 1. oktober tek den nye «På tur i Todalen 24/25» over stafettpinnen. Todalen Idrettslag fortsett altså med den populære trimappen også den komande trimsesongen.
Les heile saka
Med allsongen i sentrum og forsamlinga som hovudaktør inviterer koret P17 onsdag til «Kyrkjesongkveld» i Todalen. – Salmeboka er vår rikaste skatt av poesi og melodiar mellom to permar, seier korleiar Bernt Bøe. – Og snakk om breidde: Her svingar det frå bedehus til tempel, frå tango til hymner!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til køvertur måndag 30. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Det er no temmeleg nøyaktig 4 veker sia Natiri kom bort under ein fjelltur. Eigar Anders Mo seier at det i dag er ein gledens dag, når Natiri i dag vart henta ned frå Blåfjellet. Det har vore dårleg vêr i fjellet – regelrett snøfokk – men det hindra ikkje klatrarane i å kome opp til funnstaden, sjølv om det var ulendt.
Les heile saka
Komane veke får du sjansen til å sjå alle tre filmane som konkurrerte om å bli «vår» Oscarkandidat. Da viser nemleg Surnadal kino alle dei tre filmane Sex, Armand og Quislings siste dager.
Les heile saka
Tysdag 1. oktober inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til sesongens siste fjelltur. Den siste fjellturen denne sesongen går til Grytbakksetra øvst i Bæverdalen.
Les heile saka
Vi var ein gjeng seniorar som inviterte oss til omvising på Trollheim kraftverk i Øvre Surnadal. Jostein Bruset svara positivt, og fredag var det klart for å troppe opp ved kraftstasjonen på Harang – klare for omvising og orientering både om kraftstasjonen som ligg langt inne i fjellet og om det store rehabiliteringsprosjektet i Folldalen.
Les heile saka
I samband med dåpen av MF Stangvikfjord vil sambandet Kvanne – Rykkjem bli innstilt tysdag 1. oktober mellom kl 13 og 14, melder Fjord 1.
Onsdag 2. oktober klokka 16:00 – 19:00 inviterer Svinviks arboret til eplepressing i arboretet. Så har du epler i hagen i år, og har lyst til å lage din eigen eplemost? Ja, da er arboretet rette staden å dra til onsdag ettermiddag!
Les heile saka
Ein ny og spennande sesong er like rundt hjørnet for Randoneelandslaget. Vi tykkjer det er artig at Trollheimen Fjellsportklubb held stand med 3 av sine medlemar på landslaget. Erik Kårvatn blir med vidare på seniorlandslaget, medan Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping fortsett på juniorlandslaget.
Les heile saka