Bufdir har no opna for søknader om tilskot til inkludering av barn og unge for 2025.
Ein finn meir informasjon om tilskotsordninga og søknadsprosessen på bufdir.no/tilskudd/inkludering-av-barn-og-unge/

Bufdir har no opna for søknader om tilskot til inkludering av barn og unge for 2025.
Ein finn meir informasjon om tilskotsordninga og søknadsprosessen på bufdir.no/tilskudd/inkludering-av-barn-og-unge/
Vi les i Driva at Midtnorsk Olje er komne på nye hender, og er fusjonert med NK Energi AS no i haust. Midtnorsk Olje er leverandør av drivstoff til Hals Oil, og vi finn det difor naturleg å ta ein prat med Rune Mogstad som har vore dagleg leiar og gründer i Midtnorsk Olje.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 12. oktober i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!
Les heile sakaLaurdag 19. oktober, mellom klokka 12:00 – 16:00, inviterer Nordmøre Forsvarsforening til open dag ved Krigsminnesamlinga på Åsen. Krigsminnesamlinga inneheld våpen, militært utstyr og uniformer frå andre verdenskrig (1940 – 45), med lokal tilhøyrigheit til krigshistoria for Surnadal kommune.
Les heile sakaLaurdag 12/10 markerer Matkroken «handle lokalt» dagen på Matkroken Todalen. Dette er ei årleg markering i dei såkalla «Merkurbutikkane, og denne dagen vil damene på Matkroken sette ekstra pris på at du kjem innom og blir med på feiringa. Laurdag held dei kaffetraktaren varm heile dagen som serverer gratis marsipankake, bakels og graut til kaffes i tidsrommet mellom kl. 10 og kl 15.
Les heile sakaNo startar arbeidet med utbetring av tårnet på Todalen Kyrkje. Den siste veka har det pågått montering av stillas som må på plass før snekkararbeidet kan starte. Det er Averøyfirmaet Lunvik AS som leverer den tjenesta.
Les heile sakaTorsdag 10. oktober klokka 10:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til ny sesong med torsdagstrim på Surnadal frivilligsentral sine lokaler i Fiskegården på Skei.
Les heile sakaJulia Krajewska (11) frå Bjørli i Brusetmarka, og som er elev i sjette årstrinn ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter på Evenshaugen, elskar dyr og natur. Dette var bakgrunnen for at ho sendte «fanbrev» til forfattaren av barnebokserien «Ville poter», Victor Nordahl.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur i Toåa tursti måndag 7. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaTittelen kan vel eigentleg misforståast, da ein kan tru det er felt tre storoksar og ein liten elg, men det er dei tre jegarane Kjell Gunnar Polden, Andreas Brøndbo og Fredrik Talgø som sjølv kallar seg «storoksar». og dei skaut laurdag ein liten elg!
Les heile sakaPå tide å sjå tilbake på eit par blinkskot frå bileta som har blitt sendt inn til dagens bilete her på todalen.no i september. Og best av alt, du kan få stemme fram din favoritt!
Les heile sakaSurnadal kommune informerte no i ettermiddag om at det blir drop-in vaksinering mot influensa og korona på Surnadal kulturhus i år. Her er informasjon om tidspunkt og gjennomføring av vaksineringa denne hausten.
Influensa- og koronavaksinering går føre seg i Svorkasalen på Surnadal kulturhus i perioden måndag 21. oktober til og med torsdag 24. oktober. Du kan få båe vaksinene samtidig. Ein blir spurt om dette når ein kjem til vaksinering.