Kvart år den 15. oktober, markerer Svorka den nasjonale «Elsikkerhetsdagen». Elsikkerheit handler om trygg bruk av elektriske anlegg og utstyr i heimen. Elektriske feil og manglar er ei av dei vanlegast årsakene til brannar i Norge, og konsekvensane kan vere tragiske, med tap av både materielle verdier, og i verste fall liv. Det er viktig å hugse at ein som huseigar har ansvaret for å sikre at det elektriske anlegget er i god stand.
Les heile saka
Eg meiner at dette er det beste produktet vi har laga ever, seier Håkon Solem, som er sekretær og marknadsansvarleg for revyen ARMODgeddon. Revyen skal ha premiere 31. oktober, og neste førestilling er laurdag 2. november.
Les heile saka
Onsdag 16. oktober klokka 13:00 viser Seniorfilmklubben filmen om «den britiske Schindler». På Surnadal kino går elles filmane Drømmer, Den ville roboten og Den siste reisen – tilbake til Rivieraen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 14. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag 12. oktober. Godt oppmøte og triveleg samvær!
Les heile saka
Med heile 172 fleire stemmer enn nr. 2 i kåringa av månadens bilete i september, var det Nordlys over Romådalen som himmeldansa seg inn på førsteplass. Vi gratulerer fotograf Frode Grønmyr med siger!
Les heile saka
For eit par veker sia var det ein flott songkveld i Todalen kyrkje, der P17-koret stod som arrangør, og fylte kyrkje med songglade sambygdingar og andre som lika å synge. No er turen komen til Åsskard kyrkje, der det skal være songkveld onsdag kl 19.30.
Les heile saka
Hos Svorka skjer det mykje spennenda om dagen. Svorka er i sterk vekst og opplever auka etterspørsel etter tenestene sine, og da spesielt innanfor framtidsretta og berekraftige løysningar som solenergi, ladeanlegg og energirådgjeving, fortel Nils Heggem, dagleg leiar i Svorka Installasjon. For å møte denne etterspørselen lyser dei no ut fire stillingar som elektrikar.
Les heile saka
Laurdag feira Matkroken Todalen den lokale handledagen med bra oppslutning både frå bygdefolket og andre som stakk innom på ein handlerunde for å støtte nærbutikken. Matkroken hadde invitert til gratis traktering med både marsipankake og graut og bakels til kaffen i Kaffekroken denne dagen. Mange tok seg tid til ein kaffepause og praten gjekk livleg i kaffekroken utover dagen.
Les heile saka
Det har lenge vore tradisjon at Merkurbutikkane, slik som Matkroken Todalen, markerer ein lokal handledag i oktober. I dag er det nærast «ope hus» og markering av dagen på Matkroken i Todalen. Damene på Matkroken vil i dag sette ekstra pris på at du kjem innom og blir med på feiringa, og held kaffetraktaren varm heile dagen og serverer gratis marsipankake og bakels med graut til kaffen i tidsrommet mellom kl. 10 og kl 15.
Les heile saka
Fredag var det førehandssal av lodd til sanitetsbasaren i Sanitetshuset Fredag var det førehandssal av lodd til sanitetsbasaren i Sanitetshuset komande onsdag – 16. oktober. Da vi var innom Matkroken Todalen var det Ragnhild A. Moe som var på post, og Todalen Sanitetsforening hadde folk der i tidsrommet 10:00 – 16:00, fortalte Ragnhild.
Les heile saka
Sjølv om det enno er sommartid eit par veker til, så må vi nok bare innsjå at vinteren nærmar seg med stormskritt. Torsdag var det nysnø ned mot 3-400 meter og det var nyttig å kle seg litt ekstra da gradstokken nærma seg nullen. Yr.no melder at det framleis skal være «litt hustre», men etter kvart skal det bli litt mildare igjen.
Les heile saka