Finvêrsmeldingar over fleire dagar har inspirert Hageland og Byggmakker til trailersalg av hagemøbler og utstyr utafor butikken på Syltøran. Her kan du gjera godkjøp på litt av kvart, dersom du tek turen!
Les heile saka
Finvêrsmeldingar over fleire dagar har inspirert Hageland og Byggmakker til trailersalg av hagemøbler og utstyr utafor butikken på Syltøran. Her kan du gjera godkjøp på litt av kvart, dersom du tek turen!
Les heile sakaFem av sju barnehageungar kunne i dag nyte våren og kvarandre sitt selskap i lag med dei tilsette ved Todalen barnehage. -Det er verkeleg godt å komme i gang igjen, konstaterer styrar Jorunn Nordvik og kollega Anita Brøske Nordvik. Det har vore ei rar tid, men no er vi klare for ein tilnærma normal kvardag igjen kunne dei fortelje.
Les heile sakaDenne veka ligg det an til rekord på Talgø MøreTres anlegg på Syltøran. Royalanlegget har gått for fullt i vinter for å kunne ha nok varer utover våren, som er den travlaste tida for royalprodukta frå Talgø MøreTre. Måndag var det toppdag på ekspedisjonen, og driftsplana stod lasting av 35 semitraller og vogntog i løpet av dagen – det stod nærast vogntog i kø for å få last på lasteplassen på Syltøran i dag.
Les heile sakaDet er ikkje påvist nye smittetilfelle I Surnadal. I morgon startar barnehagane opp og i neste veke er det elevar frå 1-4. trinn sin tur. Denne veka blir det lagt ned mykje planleggingsarbeid for å møte krava til smittevern i den kommande nasjonale veiledaren for skulane. Mange av smittevern-tiltaka vil naturleg nok vere som for […]
Les heile sakaNo er det tid for rydding på kyrkjegarden – snøen er forhåpentleg borte for i år, og da er det tid for å ta eit tak både i hagen og på kyrkjegarden. Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn, syng Gluntan, og det kan vaktmeistrane i kyrkja bekrefte.
Les heile sakaVi held fram med å sette saman bilete frå fotoarkivet til Todalen historielag. Vi har i tillegg supplert med nokre private bilete. Denne gongen har vi teke for oss bilete frå Brusetsetra med løer og hytter på Brusetleigmålet. Når det gjeld historia om setrene og seterlivet så viser vi til boka Seterbok for Todalen
Les heile sakaRett før helga kom anleggsmaskinene tilbake til Toåa Tursti etter ein pause i arbeidet sia i haust. Det betyr at siste etappe med å ferdigstille turstien no er i gang. Nokon har kanskje allerede fått det med seg, da det er mange som benyttar seg av turstien i all slags vêr.
Les heile sakaKomande tysdag opnar barnehagane igjen, og litt om litt vil nok samfunnet opne seg igjen dersom utviklinga fortsett på rett kurs. Fredag ettermiddag møtte representantar frå kriselleiinga i Surnadal komune pressa, for å orientere om at barnehagane i kommunen startar på i gjen tysdag 21. april. Det er ein dag seinare enn den nasjonale veiledaren gjev rom for – måndagen blir planleggjingsdag.
Les heile sakaPressemelding frå Friluftsrådet om Stikk UT! Skiseong 2019/2020
Over 1900 personer har registrert seg som deltagere, og til sammen har de gått 17520 turer så langt i vinter. Det er vi kjempefornøyd med, sier Marte Melbø og Stig Aambø som er ansvarlige for turkassetrimmen Stikk UT! Ski.
Les heile sakaFrå måndag morgon opnar Kaffekroken igjen, fortel handelsmann Nordvik. – Men det er sjølvsagt lagt restriksjonar på denne reopninga – vi er slett ikkje ferdige med smittefaren for Koronaviruset, og derfor er det sett strenge reglar som skal hindre smittespreiing i samband med dette. I samråd med kommunelege Bjørn Buan og kommunaldirektør Knut Haugen har vi laga reglar for denne reopninga – mellom anna er talet på sitteplassar redusert og avstanden mellom kvar sitteplass er auka.
Les heile sakaÅrets 17. maikomite hadde kommet godt i gang med årets planlegging før koronapandemien gjort sitt inntog og landet gjekk i ventemodus. Derfor lyt dei på bakgrunn av avlyse den tradisjonelle feiringa med felles frukost på Bordholmen, gudstjeneste og feiring i skulen utpå dagen. §13 i «Forskrift om smitteverntiltak mv ved koronautbrotet av 07.04.2020» tillet nyleg ikkje kulturarrangement kor personar møtest fysisk.
Les heile sakaHeimetenesta i Surnadal kommune er budd på det meste. No med enda meire fagleg påfyll som så absolutt gagner pasientene deira, med eller utan korona i tankane. Det siste halve året har dei investert i kursing av to ansatte til å bli instruktørar i det som på fagspråket kallas ProACT. Dette er ein metodikk som ivaretek pasientane slik at det så tidleg som muleg blir oppdaga forverra tilstandar hos dei som bur heime.
Les heile saka