Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppgradering og utviding hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. april 2025

Det har vore ein travel etterjulsvinter for Monica M. Kvendset og dei andre hos Lia gard. I tillegg til dei vanlege bakeriutsala annan kvar fredag og andre bakeoppdrag, har dei nemleg pussa opp og utvida bakeriutsalet sitt i fjøset i Lia.

Les heile saka

Tysdag: – Todalshytta byr på balldag

Jon Olav Ørsal Fredag 11. april 2025
Komande tysdag 15. april er byr Todalshytta på balldag,  skriv Arve Evensen i ei pressemelding frå Todalshytta.
Da har Lort Phillip gjort klar storstua for balldag!   Da er kjøkkenet ope i tidsrommet 15:00 – 18:30, og det blir som vanleg servert både potetball med tilbehør og sildball av beste slag.  Bestill gjerne på SMS eller telefon 929 97 550 – også takeaway – velkomne til ny balldag på Todalshytta.  
 
 

Plukka søppel og plast i styggvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. april 2025

Sjølv om vêret ikkje alltid gjev vårfornemming enda, så arrangerte uansett Surnadal NTN Teakwondo klubb vårdugnad med innsamling av plast og anna søppel, som i løpet av vinteren hadde kome på avvegar. Det var området i Røtet, rundt ein av teakwondo klubben sine gode sponsorar, Talgø MøreTre AS som vart rydda torsdag kveld. 

Les heile saka

Førehandssalet til «Jubileumsbasaren» held fram

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. april 2025

Førehandssalet til «Jubileumsbasaren» i Todalen ungdomshus søndag 13. april (palmesøndag) klokka 18:00 – 20:00 held fram på Vipps (fram til midnatt laurdag 12. april) og på Matkroken Todalen fredag 11. april i tidsrommet 09:30 – 10:30 og 12:30 – 14:00. 

Les heile saka

Opningstider hos Matkroken Todalen i Påska

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. april 2025

Da går vi snart inn i påskehøgtida, noko som inneber nokre små endringar i opningstidene hos Matkroken Todalen. Heilt stengt er det berre fredag 18. april (langfredag) og søndag 20. april (første påskedag). Elles er det nokre små justeringar av opningstida i samband med påska. HalsOil har som alltid ope 24/7 for drivstoffylling med kort!

Les heile saka

«Kjerringdilten» 2025 på langfredag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. april 2025

Fredag 18. april (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. Vinnaren av «Kjerringdilten» får eit napp i vandrepokalen. I tillegg får dei tre beste kvar sin pokal til odel og eige. 

Les heile saka

Nordvik grendalag med variert påskeprogram

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. april 2025

Nordvik grendalag har i år eit variert påskeprogram, som består av påskebasar i forsamlingshuset tysdag 15. april klokka 17:30. Det tradisjonelle seterrettet på Nordviksetra går føre seg torsdag 17. april frå klokka 12:00 og på kvelden er det afterski med påskequiz i forsamlingshuset klokka 19:30.

Les heile saka

Stor givarglede under årets «fasteaksjon»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. april 2025

Takk for støtta til årets «fasteaksjon»! Takk også til alle konfirmantane, foreldra og frivillige som gjorde ein stor innsats for årets «fasteaksjon» tysdag 8. april, seier Gro Hauge Venås, på vegne av Kirkens Nødhjelp og årets «fasteaksjon»

Les heile saka

Inviterer til «Påskequiz» i ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. april 2025

Todalen bøgdalag inviterer til «Påskequiz» i Todalen ungdomshus onsdag 16. april (onsdag før skjertorsdag) frå klokka 19:00. «Påskequzen» tek til klokka 20:00. Fine premiar til dei to beste laga. Det blir sal av brus, øl og snacks.

Les heile saka

Har du treft på Anna på Matkroken?

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. april 2025

I ein månads tid har Anna Kashtyper jobba på Matkroken Todalen som eit ledd i prosessen med å trene i å snakke norsk.  Anna har nemleg gått på norskopplæring i vinter, og no gjeld det å få trening i å bruke språket.  Anna tykkjer at språket er litt vanskeleg, for ho må forhalde seg til bokmål i norskopplæringa på skulen, medan kundane oftast brukar dialekt.  

Les heile saka

Minner om medlemskontingenten for 2025

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. april 2025

Faktura for medlemskontingenten for 2025 i Todalen Idrettslag vart sendt ut i februar med forfall i starten av mars. Det er fortsatt mange fakturaer som ikkje er betalt, og idrettslaget har akkurat no sendt ut purringar på kontingenten for 2025. Medlemskontingenten er ei viktig inntektskjelde for Todalen Idrettslag, både direkte og indirekte, fordi medlemstalet er grunnlaget for utrekningar ved tildelingar av ulike offentlege tilskot,  

Les heile saka