Frode Grønmyr gjekk til topps i konkurransen om «Årets bilete» i Todalen.no. Med biletet «Nordlys over Romådalen» sikra han seg førstepremien som var ei innrama forstørring av det flotte biletet. Det var styreleiar Stig Husby i Todalen.no som overrekte premien på årsmøtet til Todalen.no, og han sa at det var eit bilete som utmerka seg i konkurransen, der dei 12 månadsvinnarane var kandidatar i avstemminga om årets bilete.
Les heile saka
Du trudde kanskje ikke det vart påskekrim i år? Nåh-nei, frå og med i morgon (onsdag) kjem det tradisjonen tru eit nytt svært lokal og kortreist mysterie med tittelen «Ugler i Sunndalsgrauten – og anna krydder i klisterføret».
Les heile saka
Anne Søyset er fotografen bak det beste innsendte bilete i mars her på todalen.no, og det med solnedgang over Godøya som motiv. Vi gratulerer!
Les heile saka
Todalshytta har ope 3 dagar denne påskehelga – tysdag 15. , fredag 18. og til slutt påskeaften laurdag 19. april. Bestill gjerne på forhand til SMS/telefon 929 97 550
Les heile saka
Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka tysdag 15. april klokka 18:00. Vanlege årsmøtesaker, statistikkar, utdeling av «årets bilde» og enkel servering.
Les heile saka
Søndag kveld var det husbasar i Ungdomshuset, og der var det stort oppmøte og god basarstemning. Det er artig å arrangere basar igjen når det er så bra oppmøte, sa komiteleiar Bjørn Gunnar Ansnes. Det har og vore bra loddsal på førehandssalet, og totalt kom loddsalet opp mot 25.000. I tillegg kjem åresal og sal av kaffe og bakels, så vi er godt nøgde med resaultatet, sa Ansnes.
Les heile saka
I dag gjekk sesongen i mål for randoneelandslaget – arrangementet har foregått over 3 dager i Tromsø, og etter dagens individuelle konkurranse vart det altså slege sluttstrek for 24/25-sesongen. I dagens konkurranse gjorde Ida Waldal og Trym Dalset Lødøen sterke løp, og sikra kvar sin 12.-plass. I Lødøens klasse var det 72 deltakar – derav 9 deltakarar frå det norske raandoneemiljøet
Les heile saka
Den siste veka har det foregått forebuing til taklegging i Nilsstua på Husby. Det gamle torvtaket har «stått sitt høgst» og var modent for utskifting. Etter kvart har det vorte lekkasjar både her og der, og det vart etter kvart behov for eit skifte. Det er eit utruleg stort tak – 300 m2 – der ein var nødd til å fjerne den gamle torva før ein kunne legge nytt torvtak, fortel Eirik Husby, som er prosjektleiar for nytt tak.
Les heile saka
Denne veka har det vore arbeidd med å få laga fundament til det nye reiskapshuset og å få dette sett på plass i Toåa tursti.
Les heile saka
Norge stillte med 7 deltakarar i randonee-WC som skjer på heimebane i Tromsø i helga. I dag var det sprint på programmet, og det var knytt stor spenning til resultatet av prologen der løparane skulle kvalifisere seg for å gå vidare i programmet. 4 av løparane gikk vidare til kvartfinalen, medan 3 gjekk ut.
Les heile saka
Det har vore ein travel etterjulsvinter for Monica M. Kvendset og dei andre hos Lia gard. I tillegg til dei vanlege bakeriutsala annan kvar fredag og andre bakeoppdrag, har dei nemleg pussa opp og utvida bakeriutsalet sitt i fjøset i Lia.
Les heile saka
Komande tysdag 15. april er byr Todalshytta på balldag, skriv Arve Evensen i ei pressemelding frå Todalshytta.
Da har Lort Phillip gjort klar storstua for balldag! Da er kjøkkenet ope i tidsrommet 15:00 – 18:30, og det blir som vanleg servert både potetball med tilbehør og sildball av beste slag. Bestill gjerne på SMS eller telefon 929 97 550 – også takeaway – velkomne til ny balldag på Todalshytta.