Da er det klart kven som blir dei første vinnarane i TILs Julekalender 2024. Første dag er det 4 gevinstar som skal skifte eigar, og Jorunn Nordvik er først ute som vinnar av ei julestjerne som er produsert i MøreRoyal og som har innlagt lys.
Les heile saka
Søndag er det 1. desember og premiere for T.I.L.’s julekalender. Første trekning er klar frå morgonen av, og det er knytt stor spenning til lotteriet med over 90 gevinstar. Som sagt er første trekning søndags morgon, og det blir trekt 3-4 gevinstar kvar dag fram til jualaftan 24. desember – og trekninga blir kunngjort på Todalen.no dag for dag.
Les heile saka
Tysdag 3. desember klokka 19:00 inviterer Stangvik Grendalag til blidspent førjulskveld i Bryå i Bondehuset. Dit kjem heilt sikkert «Åge Hareide» og «Nils Arne Eggen», i Johan Øiestads sin versjon, er blant gjestane når Stangvik Grendalag inviterer til blidspent førjuskveld.
Les heile saka
Initiativtakarane Torill Talgø og Steinar Frøystad samla heile grenda til julegrantenning i Trudvangkrysset. Over 30 personar trossa holkeføret og tok turen og samlast for julegrantenning. Det er ein godt innarbeidd tradisjon og julegrantenning nr 11 – julegrana står der Markavegen deler seg og fortsetter til Gammelfabrikken, medan Dalavegen fortsett oppover til Kårvatn.
Les heile saka
Søndag 1. desember er «røykvarslardagen», ei viktig påminning for å få oss til å ta eiga brannsikkerheit på alvor. Spesielt no når vi går inn i ei tid på året der det tradisjonelt er fleire brannar enn elles i året. – Her i vårt nedslagsområde rykket brannvesenet ut til 5 boligbranner i fjor, seier Anders Betten, DLE-ansvarlig i Svorka.
Les heile saka
Nordvik grendalag arrangerer tradisjonell førjulsbasar i Nordvik Forsamlingshus søndag 1. desember. Basaren startar kl. 18:00.
Les heile saka
Vi har faktisk opplevd at det er fleire som har etterlyst juleheftet «Jul på Nordmøre». Ein kjapp telefon til redaktøren avklarte spørsmålet, for Lars Steinar Ansnes kunne informare om at årets utgåve har vore litt forsinka av ymse årsaker, men i dag er julehefta på tur ut til utssalgsstadene i ekspressfart. I Todalen er det Matkroken Todalen som er forhandlar, og her skal årets hefte være i sal frå måndag.
Les heile saka
Laurdag kveld arrangerer Todalshytta årets første julebuffè. Da bys det på alle typer julemat – ribbe, pinnekjøtt, lutefisk, – kort og godt alle typar julemat. Bestill bord på SMS/telefon 929 97 550 til Arve Evensen. Bla om, så kan du sjå førjulsprogrammet på Todalshytta.
Les heile saka
Søndag 1. desember klokka 18:15 tenner Todalen bøgdalag si, etter kvart tradisjonsrike julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, Bøgdalaget inviterer store og små til å vere med på tenninga av julegata si!
Les heile saka
Lørdag 30.11 kommer Jo Sverre til Surnadal Kulturhus for å gi oss en stemningsfull førjulskonsert ved juletreet i Foajéen. Han ga i fjor ut albumet «Desemberlys», som Adresseavisen i sin anmeldelse mente var en fremtidig juleklassiker. På konserten kan publikum forvente en god del låter herfra samt tidligere og mer kjent materiale i tillegg.
Les heile saka
Statens vegvesen melder at det vil vere manuell dirigering og kolonnekøyring med ledebil gjennom Svinviktunnelen frå onsdag 27. november klokka 22:00 til torsdag 28. november klokka 06:00.
Les heile saka
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen snitet shus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie måndag 9. desember.
Les heile saka