Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullt hus på påskebasaren på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. april 2025

Tysdag kvled hadde Nordvik grendalag invitert til den tradisjonelle påskebasaren i Nordvik forsamlingshus. Og det vart skikkeleg basarsøg i forsamlingshuset tysdag kveld. 

Les heile saka

Påskekrim 2025: dag 1

Guro Redalen Onsdag 16. april 2025

Påskemorgon skal slukke sorgen, men først skal vi løyse eit mysterie saman. Så det er berre å helle oppi meir kaffi i koppen, smøre hjarnecellene med rett farge Swix og snurre på Poirot-barten – her kjem nemleg del 1 av årets påskekrim!

Les heile saka

Årets bilete til Frode – vart hedra på årsmøtet

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. april 2025

Frode Grønmyr gjekk til topps i konkurransen om «Årets bilete» i Todalen.no. Med biletet «Nordlys over Romådalen» sikra han seg førstepremien som var ei innrama forstørring av det flotte biletet. Det var styreleiar Stig Husby i Todalen.no som overrekte premien på årsmøtet til Todalen.no, og han sa at det var eit bilete som utmerka seg i konkurransen, der dei 12 månadsvinnarane var kandidatar i avstemminga om årets bilete.

Les heile saka

Påskekrim 2025 – første episode onsdag

Guro Redalen Tysdag 15. april 2025

Du trudde kanskje ikke det vart påskekrim i år? Nåh-nei, frå og med i morgon (onsdag) kjem det tradisjonen tru eit nytt svært lokal og kortreist mysterie med tittelen «Ugler i Sunndalsgrauten – og anna krydder i klisterføret».

Les heile saka


Påskeplaner på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Måndag 14. april 2025

Todalshytta har ope 3 dagar denne påskehelga – tysdag 15. , fredag 18. og til slutt påskeaften laurdag 19. april.  Bestill gjerne på forhand til SMS/telefon  929 97 550

Les heile saka

Minner om årsmøte tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. april 2025

Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka tysdag 15. april klokka 18:00. Vanlege årsmøtesaker, statistikkar, utdeling av «årets bilde» og enkel servering. 

Les heile saka

Bra loddsal og stor vinnarglede på husbasaren

Jon Olav Ørsal Sundag 13. april 2025

Søndag kveld var det husbasar i Ungdomshuset, og der var det stort oppmøte og god basarstemning.  Det er artig å arrangere basar igjen når det er så bra oppmøte, sa komiteleiar Bjørn Gunnar Ansnes.  Det har og vore bra loddsal på førehandssalet, og totalt kom loddsalet opp mot 25.000.  I tillegg kjem åresal og sal av kaffe og bakels, så vi er godt nøgde med resaultatet, sa Ansnes.

Les heile saka

Årets randoneesesong er i mål – finale i Tromsø

Jon Olav Ørsal Sundag 13. april 2025

I dag gjekk sesongen i mål for randoneelandslaget – arrangementet har foregått over 3 dager i Tromsø, og etter dagens individuelle konkurranse vart det altså slege sluttstrek for 24/25-sesongen. I dagens konkurranse gjorde Ida Waldal og Trym Dalset Lødøen sterke løp, og sikra kvar sin 12.-plass. I Lødøens klasse var det 72 deltakar – derav 9 deltakarar frå det norske raandoneemiljøet

Les heile saka

Her blir det nytt tak

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. april 2025

Den siste veka har det foregått forebuing til taklegging i Nilsstua på Husby.  Det gamle torvtaket har «stått sitt høgst» og var modent for utskifting. Etter kvart har det vorte lekkasjar både her og der, og det vart etter kvart behov for eit skifte.  Det er eit utruleg stort tak – 300 m2 – der ein var nødd til å fjerne den gamle torva før ein kunne legge nytt torvtak, fortel Eirik Husby, som er prosjektleiar for nytt tak.

Les heile saka


Fire norske til kvartfinalen i randonee WC i Tromsø

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. april 2025

Norge stillte med 7 deltakarar i randonee-WC som skjer på heimebane i Tromsø i helga.  I dag var det sprint på programmet, og det var knytt stor spenning til resultatet av prologen der løparane skulle kvalifisere seg for å gå vidare i programmet.  4 av løparane gikk vidare til kvartfinalen, medan 3 gjekk ut.

Les heile saka