Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nypreparert skeiseis på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. februar 2022

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har dei siste dagane lagt is på skeisebanen på Bordholmen stadion. No er skeiseisen nypreparert og klar til bruk. Barne- og ungdomsgruppa ønsker difor alle velkomne for å gå på skeiser. 

Les heile saka

Royalsaka tek ein ny vending

Jon Olav Ørsal Måndag 21. februar 2022

Royalsaka som har versert det siste året og vel så det, har fått stor merksemd både i pressa og i byggesektoren – både i byggvarebutikkane og hos ferdighusprodusentane.  No tek faktisk denne saka ei ny vendig, og likestiller trepanel som er royalbehandla og trepanel som er overflatebehandla med vanleg olje- eller alkydmåling.

Les heile saka

«Bøy og tøy» i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. februar 2022

Torsdag 24. februar klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til «Bøy og tøy». VIKTIG! På grunn av at det framleis foregår ombygging i Meierisalen, blir torsdagens «Bøy og tøy», også denne gongen i Trudvang! Surnadal Pensjonistlag har tidlegare hatt med seg Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen, men no blir det fysioterapeut Lage som overtek som instruktør for trimmen.

Les heile saka

Surnadal kommune – oppdatert smittestatus

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. februar 2022

I si vekentlege oppdatering av smittesituasjonen i Surnadal kommune, kjem kommuneoverlege Bjørn Buan, også med ei oppdatering på eit pågåande smitteutbrot ved Surnadal sjukeheim. Utbrotet ved sjukeheimen gjeld både for bebuarar og tilsette.  

Les heile saka

300 pasientar får brev om ny fastlege

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. februar 2022

Frå 1. mars vil 300 pasientar ved Surnadal legesenter få endra fastlege. Dette skuldast at fleire av fastlegane reduserer pasientlistene sine. Det er Helfo som føretek sjølve reduksjonen ved å gjere et tilfeldig uttrekk av pasientar.

Les heile saka


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. februar 2022

Søndag 27. februar klokka 11:00, inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg denne søndagen er Cathrine Grutle, medan Bern Bøe er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet på Vipps: 506908. 

Les heile saka

Felles middag onsdag 23. februar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. februar 2022

Siste onsdagane i februar, mars, april og mai, inviterer kyrkja i Surnadal alle til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Da blir det servert middag og ettermiddagskaffi/te til alle i alle aldrar. Serveringa er i tidsrommet frå klokka 16:00 – 16:45, men dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00. 

Les heile saka

Kløvertur rundt om Husby

Dordi Jorunn Halle Sundag 20. februar 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 21. februar. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?

Les heile saka

Kårvatn Skimo – endeleg kan det feirast 10-årsjubileum!

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. februar 2022

Endeleg kan vi feire 10-års jubileet som randoneekonkurranse, etter to års ufrivillig coronaavbrudd. Det betyr at rennet på Kårvatn i Todalen er den eldste randoneekonkurransen i Norge, som er «i drift».  – Takket være ein veldig rutinert og dyktig arrangørstab.  Kårvatn Skimo blir arrangert på Kårvatn i Todalen 26. – 27. februar (laurdag og søndag)

Les heile saka


Surnadal JFF minner om årsmøte 24. februar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. februar 2022

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) minner om årsmøtet sitt torsdag 24. februar klokka 19:30 i kinosalen på Surnadal kulturhus. Vanlege årsmøtesaker. I tillegg blir det oppfølging av sak om vedtektsendringar og kontingentsatsar vedtekne av landsmøtet i Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) i 2021.   

Les heile saka