Rute 1061 Kvanne – Rykkjem har vore ute av trafikk tidlegare denne morgonen, og melder no kl 7:01 at «Grunna dårlig ver vert sambandet fortsatt innstilt inntil vidare.» Kl 07:51 melder Fjord1 om normal drift igjen på strekninga Kvanne – Rykkjem.
Les heile saka
Året 2025 er friluftslivets år, og målet er å inspirere alle til å vere meir ute i naturen, oppdage og ta vare på nærnaturen, invitere andre til å bli med ut på tur og prøve ut nye friluftsaktivitetar.
Les heile saka
Det har kome mykje snø det siste døgnet, og meir skal det bli, melder vêrvarslinga YR.NO på sine nettsider. For komande døgn meldes det om 30-50 cm snø i Trøndelag og Møre og Romsdal, og lokalt kan det koma meir. Dette er altså ei oppgradering frå gult varsel til orange varsel og går på snømengde.
Les heile saka
På årets siste dag, inviterte Todalen Idrettslag i samarbeid med Todalen bøgdalag til familiefyrverkeri på Bordholmen stadion, slik at dei yngste kunne få vere med på fyrverkeri utan å måtte vere oppe til midnatt.
Les heile saka
Da bankar eit nytt år på døra, og tida er inne for å sjå seg litt tilbake, også for oss i Todalen.no. I 2024 har vi produsert og publisert 1062 saker, noko som er 44 saker meir enn i 2023, Besøkstala på sida vår ligg i snitt godt over 1000 besøk kvar dag, så det er tydeleg at mange sett pris på det arbeidet vi gjer, og det er vi sjølvsagt glade for!
Les heile saka
Det har etter kvart vorte ein tradisjon med nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje. Kjell Gunnar Polden har sendt oss ein liten omtale av gudstenesta i ettermiddag. Omtalen les du nedanfor.
Les heile saka
Da kan leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme og driftsleiar i Toåa tursti, Ivar Bolme melde at turstien er nybrøytt og klar for fottur! – Her er det fine forhold for ein fottur, og det er heller ikkje noko problem å ta med seg barnevogn på turen, seier Elinor.
Les heile saka
Det blir nok ein travel dag for brøytemannskapa i Todalen Mjølk i dag. Da vi var ute for å treffe dem var snøvêret i gang, og meldingane på yr.no fortel om gult faresignal og kraftig snøfokk utover formiddagen og fram til tidleg morgon på nyttårsaften. Todalen Mjølk har 4 traktorar ute på morgonkvisten i dag, og dei rekna med at det vart fullt kjør heile det neste døgnet.
Les heile saka
Yr.no melder om «mykje vêr» rundt komande nyttårshelg. Vi har allereie i dag fått ein forsmak med mykje vind, regn og sludd . Og meir skal det bli – det vil fortsette med meir regn, som etter kvart går over i sludd og snø frå måndag 30. desember. Det er sågar gult farevarsel for snø.
Les heile saka
Nyttårsaftan – tysdag 31. desember – blir det nyttårsmesse i Todalen kyrkje kl 16:00. Liturg er prost Vidar Wilhelmsen Rygh, og organist Amund Valde. Takkoffer går denne dagen til misjonsprosjektet i Etiopia. Salmane som blir bruka under gudstenesta på nyttårsaftan er : 1, 456.2, 835, 322 og 86
Velkomen til årets siste gudsteneste!
Todalen IL fekk skikkeleg respons på den tradisjonelle Romjulsmarsjen som var arrangert 3. juledag. Rundt 170 deltakarar mønstra på arrangementet og tok turen rundt bygda i dag. Trimgruppa lokka med serveing av gløgg og saft på meldestasjonen på Bruset og jammen vart det trøkk der ja, med rundt 170 og reknar vi med 9 hundar og ein hest som også var med så tangerer vi rekorden som vart sett for nokre år sia.
Les heile saka
Framleis ledige billettar for framsyning av 80-årsdagen til Alf Ramsøy, på Surnadal kulturhus 3. juledag, 27.desember, kl.16.00. Det er Skulstua i Todalen som inviterer til filmframsyning i Kammerset
Les heile saka