Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første elgen kjem i utstilling

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mai 2025

Den 14. oktober i 1980 var den første elgen felt i Todalen.  Det var ein elgokse, og den vart felt innmed Falla i Gammelseterdalen, innafor Kårvatn.  Det var Ragnar Halle som felte elgoksen som var 324 kg i slaktvekt.  Elgoksen var slakta og partert på staden, og frakta heim til Kårvatn med ryggsekk.

Les heile saka

Telia tilbake med normal dekning

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. mai 2025

Rundt lunchtid torsdag var Telia sin basestasjon i Todalen igjen «på lufta» med normal dekning.  Basestasjonen i Todalen har vore ute av drift sia søndag kveld.  Det har vore tildels stor misnøye med at det har teke så lang tid å rette feilen på basestasjonen.  Telia sine kunder i Todalen har berre kunna bruke telefonen på heimebane ved å koble opp via privat wifi.  Dette er uholdbart sett i ein beredskapssamanheng.


Pynta banken til 17. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. mai 2025

Da Surnadal Sparebank, no SpareBank 1 Nordmøre, bygde nytt hovudkontor og flytta inn der i 2010, vart alle barnehagane i Surnadal kommune inviterte til banken for å pynte dei store vindauga til 17. mai-feiringa. Dette vart starten på ein årleg tradisjon, der alle barnehagane siste veka før 17. mai blir invitert til banken for å pynte til 17. mai. 

Les heile saka

Nicole Nordvik med hattrick i Molde

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. mai 2025

Nicole Nordvik og dei andre jentene på Surnadal J 17 2 lag tok onsdag kveld turen til Molde for å spele seriekamp mot Træff 1. Det vart ein målrik kamp i rosenes by og Nicole scora hattrick, og sikra dermed seier for Surnadal J 17 2. 

Les heile saka


«Sommartrening» på Atleta

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. mai 2025

Sommaren nærmar seg med stormskritt, og Atleta tilbyr frå 14. mai til 1. august, der ein kan kjøpe tilgang for 1, 2 eller 3 månader. Les meir om sommartrening på Atleta nedanfor:

Les heile saka

Telia nettet vil vere ute av drift til fredag 16. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. mai 2025

Vi har i ettrmiddag vore i kontakt med Telia sitt kundesenter, for å høyrer når ein kan forvente at mobilnettet til Telia i Todalen er operativt igjen. Telia kunne fortelje at nettet vil vere operativt att frå fredag 16. mai klokka 11:00. Om dette stemmer, ellerr berre er eit nytt estimat attstår å sjå, men ein får leve i håpet!

Les heile saka

Inviterer til frokost 17. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. mai 2025

Todalen Idrettslag inviterer også i år alle til «nasjonalsdagsfrokost» 17. mai klokka 11:00 i Todalen ungdomshus. Her blir det servert frokostbuffet med mykje god og variert mat. Russen er spesialinvitert, og får gratis frokost om dei kjem i russeutstyr!

Les heile saka

Telia er framleis utan dekning i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. mai 2025

I Todalen har det vore store utfordringar med mobildekninga for Telia sitt nett.  Heilt sia søndag kveld har nettet vore ustabilt og det har skapt mange problem – ikkje minst for Talgø sitt sentralbord.  Vi har no fått informasjon at det skal være ting på gang, og at det skal være håp om feilretting onsdag.

Les heile saka

«Saman for Surnadal, Med hjarte for bygda»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. mai 2025

Under Vårsøghelga, inviterer Vårsøghelga, SpareBank 1 Nordmøre og Surnadal Næringsforening konferansen «Saman for Surnadal, Med hjarte for bygda» fredag 23. mai klokka 12:30 – 15:00 i lokalene til SpareBank 1 Nordmøre på Skei. 

Les heile saka


Telia-nettet er nede i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. mai 2025

Telia-nettet i Todalen er nede melder Telia. Det er feil på 5G, RG og 2G sendarane i Todalen, noko som inneber at det ikkje er mobildekning. Telia kan ikkje seie eksakt når feilen er retta, men estimatet akkurat no er innan klokka 21:30 i kveld. 

Les heile saka